Eid sentrum er i desse dagar invadert av måsar som ligg på reir og hekkar på ulike tak. Over heile sentrum er hissige måsar og måseskit blitt eit problem, både for private bedrifter og for kommunen.

No har Eid kommune gått til innkjøp av to plasthaukar. Dei er festa på taket på Eid idrettshus og Eid ungdomsskule. Det er tre veker sidan plasthaukane kom på plass, og målet er at dei skal skremme vekk måsen, hindre at den byggjer reir og legg egg.

Elevane er redd den hissige måsen

Elevar som skal til gym eller bading i Eid idrettshus er redde den hissige måsen som ofte flyg mot dei.

– Dette er blitt ei plage for ungane som skal ned til idrettshuset, seier vaktmeister i Eid kommune, Lars Einar Bjørneset. Han observerer mest dagleg elevar som spring frå skuleområdet for å kome seg til idrettshuset. Med ein trugande måse over hovudet.

– Det er etter at måseungane kjem ut at problemet er størst. Måsen er hissig og skal halde uvedkomande unna. Men for dei som skal ferdast i området er dette ikkje noko kjekt, seier Bjørneset som sjølv har vore med på å fjerne måsereir frå taket. No har han også vore med på å setje opp den kunstige hauken.

– Vi ser at plasthauken verkar. Det er er mindre måsar på taket no, seier Bjørneset.

Ikkje ein større plan

Driftssjef Tore Nyhammer-Taklo i Eid kommune seier at kommunen ikkje har ein plan for å handtere alle måsane i sentrum.

– No satsar vi på at desse haukane hjelper, seier Nyhammer-Taklo. Ein annan innsats er å sørge for at bossdunkar ikkje står opne og lett tilgjenglege.

– Alle kommunen sine bossdunkar skal vere tette med lokk slik at måsen ikkje skal finne mat der. Men problemet er sjølvsagt at måsen finn mat mange stadar i sentrum. Dette er vel ein grunn til at den oppheld seg der, seier Nyhammer-Taklo.

På Miljødirektoratet sine nettsider blir det opplyst at måsen ofte trekkjer til sentrum fordi tidlegare hekkeplassar er blitt borte. Dette kan til dømes vere ein holme i sjøen som er vakse til med skog og skratt. Slik holmar har vore gode hekkeplassar der måsen har fått vere i fred.

– Er det ein idé å skape kunstige hekkeplassar i nærleiken av Eid sentrum for å lokke måsen dit?

– Dette har ikkje vore diskutert og vi har ingen slike planar. Måsen er ei plage i tida no når det ligg på reiret og når ungane kjem. Men det er likevel ein avgrensa periode. Vår løysing så langt er å bruke denne plasthaken. Vi har ikkje planar utover det, seier Nyhammer-Taklo.

Må gjere tiltak om hausten

–Vil ein ha færre måsar som hekkar i sentrum bør tiltaka setjast inn om hausten.

Det seier Thorleif Jakobsen, leiar i Eid naturvernforbund. Han påpeikar at det er for seint med tiltak når måsen allereie ligg på egga.

– Å setje opp slike lurefuglar for å skremme hjelper berre ei lita stund. Så skjønar måsen at dette ikkje er farleg og kjem tilbake til same taket, seier Jakobsen som meiner kommunen bør sjå på tiltak som til dømes å spenne tau over taket, særleg over inngangspartia. Dette kan hindre danning av reir.

– Fleire måsar i sentrum er eit resultat av menneske sitt levesett. Meir utbygging av hus og lettare tilgang på mat skapar nye levemåtar også for måsen. Eg vil tilrå at folk studerer måsen og andre fascinerande fuglar, i staden for å irritere seg, seier Jakobsen.

Måsen har for lengst invadert Eid sentrum og er for mange blitt ei plage i rugetida. Denne har funne seg til rette ved Eid ungdomsskule.
Måsen har teke kontroll også over kommunale bygg. Men no går Eid kommune til motangrep med kunstige skremmefuglar.
Denne plasthauken er på plass på taket til Eid ungdomsskule.