I etterkant av det siste møtet i Fellesnemnda for Eid Selje kom det til eit ordskifte mellom Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) og Gunn Sande (Sp), kommunestyrerepresentant i Selje. Bakgrunnen var den framtidige økonomien i Stad kommune. Inntekter og utgifter, og statlege overføringar.

Overføringar som i dag

Gunn Sande stilte spørsmål om Stad kommune ville få meir pengar å rutte med, enn det dei to kommunane samla har av inntekter frå staten i dag. At overføringane frå staten ikkje blir større har økonomisjef Ole Starheim tidlegare sagt at det reknar han med at dei ikkje blir, og at ein budsjetterer ut frå det. Det er synspunkt som Eid-ordføraren er samd med økonomisjefen i. Men Bjørlo er samstundes klar på at det er mogeleg å at nye Stad kommune kan får eit større økonomisk handlingsrom enn det Eid og Selje ikkje har per i dag.

– Det kan tenkast at vi får meir i overføringar frå staten enn det vi gjer i dag, når Eid og Selje blir ein kommune, men det får vi ta som ein bonus om det skulle skje. Vi veit at vi kjem til å behalde dei overføringane dei to kommunane har i dag dei neste 15 åra. For meg er det viktig fordi det betyr at inntektene er føreseieleg. Mange kommunar er aldri heilt sikkert på korleis overføringane blir frå år til år. For meg er det viktig at økonomien er føreseieleg, slik at vi veit kva vi har å rutte med, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

«Gjere ting betre»

– I samanslåingsprosessen er det ein stor pluss at vi får moglegheit til å erstatte gamle it-løysingar med nye digitale system. Ein del av omstillingsmidlane, 25 millionar kroner, som vi har fått er avsett til dette formålet. Det som vil vere avgjerande, er at vi greier å gjere ting betre enn i dag når to administrasjonar blir til ein. Eg har den klare oppfatning av at det er mykje å spare på at ein ikkje har dobbeltfunksjonar, seier ordførar Alfred Bjørlo som legg til at alles skal med, og at ingen vil bli ufrivillig miste jobben når kommunane blir slått saman.

Dei store utgiftene

– Dei store utgiftene kytt til skule, barnehage, helse og omsorg og anna tenesteproduksjon vil bli tilnærma som det dei er i dag. Skulane, barnehagane og institusjonane ligg der dei ligg, og truleg vil det bli behov for fleire tilsette i desse sektorane enn det vi har i dag.

Rasjonaliseringsgevinst

– Det blir sagt at ingen skal miste jobben og at alle skal med. Var det ikkje i rasjonaliseringsgevinsten at ei betring av det økonomiske handlingsrommet låg?

–Eid kommune er ein stor organisasjon og stor er ein stor arbeidsgjevar. Eid kommune har rundt 500 tilsette, Selje rundt 250. I ein så stor organisasjon er det utskifting av folk heile tida. For organisasjonen handlar det om å halde på kompetanse så lenge som mogeleg, og i dei tilfelle det er nødvendig å rekruttere ny kompetanse. Vi skal ikkje sparke folk ut. Men i dei tilfelle folk av ulike grunnar sluttar, og ein ikkje treng å erstatte dei er det ein gevinst. Eg skal ikkje sette namn på kva stillingar blir eller ikkje blir etter at dei to kommunane har blitt til ein, men heller seie at kompetente personar kan brukast på fleire område, seier Alfred Bjørlo som er meir enn klar på at den gevinsten kommunen kan gjere av kutt i stor grad handlar om sokalla «rådhusfunksjonar».

– Men det vil ta tid før alt er på plass, seier han.