Vedkomande vart ikkje på førehand varsla om utsetting av oppmålingsforretning og har sett fram krav om å få dekt reiseutgifter og tapt arbeidsforteneste. Rekning vart sendt 31. august i fjor, og ho purra nyleg fordi ho ikkje hadde fått svar.

Eid kommune beklagar no lang handsamingstid, men avviser å betale. Dei forklarer at grunnen til at oppmålingsforretninga vart utsett, var at utførande ingeniør gav beskjed om sjukdom på morgonen den dagen oppmålinga skulle skje, 10.08.2017. Det vart då gjeve beskjed til dei av partane ein hadde tilgjengeleg kontaktinformasjon på. Eid kommune utførte eit partssøk på matrikkelen og nytta 1881.no til å søkje på attverande interessentar for å prøve å oppnå kontakt. Hennar kontaktinformasjon var ikkje tilgjengeleg med dei verktøya Eid kommune hadde tilgjengeleg, og ho vart difor ikkje varsla.

Eid kommune vurderar at kravet frå dama ikkje er retta mot eit enkeltvedtak gjort av Eid kommune og at reglane om klagerett etter forvaltningslova difor ikkje kjem til anvendelse. Kommunen vurderer det slik at dei utførte ein betydeleg innsats for å motverke konsekvensane av sjukdom i sin organisasjon.

Kommunen peikar også på at ein ikkje er pliktig å møte opp på ei oppmålingsforretning, og at eit val om å delta må vegast opp i mot fordelar og ulemper der ein må akseptere at ein del uventa hendingar kan skje, som til dømes sjukdom.

Ut ifrå dette avviser Eid kommune kravet om å betale for reise og tapt arbeidsforteneste.