Rettsaka går ved Søre Sunnmøre tingrett. Eit firma frå Nordfjord hadde jobben med trefelling i hogstfeltet i Hovdebygda i august 2016, då eit tre fall over vegen og trefte ein forbipasserande på vegen. I den samanheng er ein mann frå Nordfjord tiltalt for brot på arbeidsmiljølova.

Fortvilande situasjon

No avgjer retten om hogstområdet var godt nok sikra.

Ifølgje Sunnmørsposten fortalde driftsleiaren i selskapet som utførte arbeidet, om ein fortvilande situasjon frå ulykkesdagen.

– Hadde vi stått i ro, så hadde ikkje treet treft han. Eg gjekk oppover, og i ettertid skulle eg ønskje at eg hadde halde han i jakka. Han sprang same veg som treet datt, og då nådde treet han igjen. Det var dette som var det fatale, sa tiltalte.

Han beklagar det som skjedde, men meiner han ikkje kan lastast.

Men i prosedyren onsdag sa støtteadvokat Jørund Kandal at mannen hadde rikeleg tid til å få han som døde vekk frå risikosona, og at han kunne fått stoppa hogstmaskina. Om han hadde gjort dette, kunne Sjur Hamar vere i live, sa Kandal.

Forsvarar Håkon Sætre Rasmussen meiner derimot at det ikkje er rett person som er tiltalt i saka.