Det sa Sigurd Reksnes (Sp), leiar i Trafikktryggingsutvalet i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, då han saman med Trygg Trafikk overrekte ordførar og rådmann dei synlege prova på at Eid kommune er den tredje kommunen i fylket som får slik godkjenning.

– Dei to andre kommunane som har fått denne type godkjenning er Gloppen og Årdal, sa han.

Førebygge

– Ei slik godkjenning som dette er ikkje nokon garanti for at det ikkje vil skje trafikkulukker. Arbeidet med trafikktrygging handlar først og fremst om førebyggande arbeid, og å redde liv. Det vil seie at kommunen må ha ein plan for dette arbeidet og innarbeide førebyggande trafikktrygging som ein del av HMS-arbeidet. At trafikktrygging er jamlege tema i Arbeidsmiljøutvalet. Ein må ha eit godt system, særleg når det gjeld farleg skuleveg. Det må byggast på dei eksisterande forvaltningsplanen, og på tvers av sektorar. Vidare at det er ein del av folkehelsearbeidet til kommunen, sa Reksnes som understreka at Eid kommune har jobba godt og medvite med trafikktrygging.

Skular og barnehagar

Som eit prov på at Eid er godkjent som trafikksikker kommune fekk ordførar og rådmann overlevert skilt som skal hengast opp på både Rådhus, skular og barnehagar. Helsestasjonen fekk refleksstrimlar som alle årskull dei næraste tre åra får.

–Desse refleksstrimlane skal helsestasjonen dele ut slik at dei kan brukast på barnevogner, sa Reksnes.

Bevisstgjering

Eid-ordførar Alfred Bjørlo takka for det gode arbeidet som er gjort, og systematikken som er innarbeidd.

– Skilta som vi skal henge opp i barnehagar og på skular, har mykje å seie mentalt. Dei vil vere med å gjere alle som har sitt virke på skulane og barnehagane medvitne om kor viktig dette arbeidet med trafikktrygging er. Vi veit at vi ikkje greier jobben åleine. Vi treng hjelp frå lærarar, foreldre, leiarar i idrettslag og andre vaksenpersonar, sa Alfred Bjørlo som også hadde med seg ei gåve i form av Eid kommune sitt sylvhjarte til Audun Tryggestad, distriktssekretær i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane, og Harald Heieraa, frå Trygg Trafikk sentralt.

Helsestasjonen: Helsestasjonen får refleksband som dei skal dele ut til alle som vert fødde i Eid dei næraste tre åra. Framme frå venstre: Sigurd Reksens, leiar i trafikktryggingsutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Linda Gotteberg, leiar i Helseavdelinga i Eid kommune, og Britt Åslaug Tomasgaard, helsesøster Eid kommune. Bak: Rådmann Åslaug Krogsæter og ordførar Alfred Bjørlo. Foto: Tormod Flatebø