Eid kino tilbyr no babykino ein gong i månaden. Mange småbarnsmødrer har allereie funne vegen til kinosalen, og smårollingane deira er sjølvsagt med.
– Dette er eit supert tilbod. No plager vi ingen sjølv om babyen skulle gråte, eller treng mat eller ei ny bleie, seier Stine Salveson som har med sonen Emil i kinosalen.
– Eg føler vi har fått eit tilbod som berre har vore i byane før, men ikkje på Eid, seier ho.
– Tidlegare budde vi i Porsgrunn, og blei godt vand med babykino, så det har vore etterlengta. Og å sjå film saman er ein veldig fin plass å treffe andre nybakte foreldre, seier Elisabeth Haavik.
Babysone
Dei sit på rekke og rad på første benkerad i kinosalen.
Framfor dei ligg babyar og leikar på babyteppe, nokre søv i vogna, andre småpludrar med mamma sin på fanget eller får pupp.
Innimellom får mødrene sett på filmen, men blir av og til avbrotne av dei små.
– Her er ei eiga babysone.
Lenge sidan
Felles er at det er lenge sidan dei har fått gått på kino – før no.
– Kino blir gjerne sett opp på kveldane, og det er midt i leggetida for dei små, så det passar ikkje. Så dermed er babykino på føremiddagen heilt i vår gate, seier damene.
Dei presiserer at babykino også er for nybakte småbarnsfedrar.
Kultur til alle
– Vi har prøvd det før, men no har vi fått systematisert babykinoen. Det var etter etterspørsel frå nokre mødrer at vi plukka dette opp igjen. Vi ønskjer å gi kultur til alle, og dette er ei gruppe som sjeldan kjem seg på kino, seier kinosjef Janne Mari Hjelle og kultursjef Geir Holmen.
Dei viser til at babykino er sosialt også er sosialt for babyane, og at det er lågterskeltilbod.
– Babykino vert ein gong i månaden, men er ikkje heilt låst på dag, fortel dei, som er godt fornøgde med å ha fått babykino på plakaten igjen. Dei presiserer at du kan gå på babykino sjølv om du ikkje har baby.
Foreldra har kontrollen
Dei har gitt kontrollen over kinosalen til småbarnsforeldra denne stunda.
– Til og med nøkkelen til lyden har vi fått, så vi kan slå ned lyden når ungane søv, og så ser vi film med litt lys i salen, så det ikkje skal vere så mørkt og skummelt for dei små, smiler småbarnsmødrene fornøgde.