–Søndag var vi på veg til Alexandra. I Svarstadsvingane i Stryn kommune vart vi vitne til at ein bil køyrde rett i fjellveggen. Vi ringde 113 med ein gong, sprang ut av bilen for å sjekke om folk var kome til skade i ulukkesbilen. Heldigvis var det ikkje det, og brannvern og ambulanse var raskt på plass. Elles må eg seie at dei bilane som kom etter oss var veldig samarbeidsvillige, seier Ingrid Oselie Naustdal som har tre born i alderen sju til elleve år i bilen.

–For borna var det ei sterk oppleving.

Mange spørsmål

–Ungane var prega av det dei hadde vore vitne til. Dei minste måtte ha trøyst i tillegg til at det var mange spørsmål dei ville ha svar på, både på turen innover og ikkje minst på kvelden. Eg er glad for at dei slapp å oppleve ei alvorleg ulykke, det kan vere sterkt for eit barn.

Ny ulukke

Dagen etter, 2. pinsedag, då familien var på heimveg skjedde det igjen.

–Då vi reiste heim 2. pinsedag kom vi på nytt opp i ei ny trafikkulykke. Denne gongen på riksveg 15 ved Lid i Eid kommune. Vi hadde mange motorsyklar bak oss. Sjølv om eg ikkje talde nøyaktig kor mange dei var, så må det ha vore rundt ti motorsyklistar som var på tur i finvêret. Fleire av motorsyklistane køyrde forbi oss. Til slutt berre var ein att. Då han skulle køyre forbi oss såg eg i spegelen at føraren av motorsykkelen ombestemte seg fordi det kom ein møtande bil. Uheldigvis for motorsyklisten låste alt seg. Eg hadde vindaugo i bilen opne, og vi høyrde berre korleis han trefte asfalten. Motorsykkelen kom sklidande og føraren rulla bortover asfalten. For oss var det berre å ta fram mobilen og ringe 113 nok ein gong. Samstundes var vi raskt ut og fekk sjekka om vedkomande hadde kome alvorleg til skade. Det var han heldigvis ikkje. Andre som kom til var raskt ute å sette opp varseltrekant. Også denne gongen var brannvern, ambulanse og politi raskt på staden, seier Ingrid Oselie som har ei sterk oppmoding til dei som ferdast i trafikken.

For det første er mi oppmoding at dei som fører motorkøyretøy ikkje køyrer aggressivt, men slappar av og tek det med ro. Det andre eg vil seie er at køyrer du blir, så konsentrer deg om det og ikkje alt anna, som mobil og radio. For det tredje så er det viktig å vise omsyn, ein er ikkje åleine på vegen, seier Ingrid Oselie Naustdal som håper at ho har fått sin del av ulykker for sommaren.

Handla heilt etter boka

– Det er ei plikt å hjelpe, seier regionlensmann Tormod Hvattum.

– I den saka som du her viser til har vedkomande gjort alt rett. Ringt 113, hjelpt den/dei forulykka og varsla medtrafikantar. Heilt etter boka, seier Hvattum som legg til at om du kjem til ein ulykkesstad, så har alle ei plikt til å hjelpe fram til naudetatane er på plass. Det handlar om å redde liv og varsle.

–Plikt til å hjelpe ved trafikkuhell er regulert i vegtrafikklova, seier han