Og dette er inga løgn.

I ein alder av 91 år, og to år sidan hjerneslaget, er skodespelaren i gang med innøving av tekst.

Premieren er 9. september på Det Norske teateret i Oslo. Peer Gynt kjenner han godt frå før, men denne gongen er det den eldre Peer Gynt han skal gjere levande. Han som har levd eit langt og vilt liv, og no skal sjå tilbake.

14 skodespelarar

Og det er heller ikkje noko lita framsyning 91-åringen har gjeve seg i kast med. Toralv skal ha ei sentral hovudrolle, med heile 14 skodespelarar i ensemble. Der fleire andre også skal ha roller som Peer Gynt. Dei dukkar opp i ulike livsfasar etterkvart som den aldrande Peer Gynt ser tilbake.

Tredje gong

Det er tredje gongen at Toralv Maurstad går inn i rolla som Peer Gynt på ei større scene i hovudstaden. Første gong var på Nationalteateret i 1955, då han spelte den unge Gynt, og faren Alfred hadde rolla som den eldre Peer. Tretti år seinare, i 1985, spelte Toralv i same stykket saman med Wenche Foss som mor Aase, også på Nationalteateret. Ei framsyning som blei vist på NRK fjernsynsteateret året etter.

Bære han av brettet

Det var då Toralv Maurstad fekk Heddaprisen i fjor, at regissør og teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske teater fekk idéen om å bruke han i rolla som Peer den eldre.

– Eg høyrde Toralv i sigersrusen etter utdelinga av Heddaprisen i fjor seie at han ville stå på scena til dei måtte bære han av brettet. Det slo meg som ein utruleg gyntsk replikk, seier Erik Ulfsby om valet av Maurstad i rolla som Peer Gynt, kan ein lese på Det norske teateret sine nettsider.

– I tillegg er det jo slik at Toralv på mange vis ber den norske Peer Gynt-tradisjonen på akslene. Slik far hans også gjorde. No kan han møte teksten med all den visdom og all den glede og smerte eit langt liv fører med seg, seier Ulfsby.

Øver heime på garden

På nettsida til NRK Sogn og Fjordane kan ein lese at Toralv har reist heim til Nordfjord for å pugge tekst. Der finn han ro og konsentrasjon til alt som skal på plass før hausten. Og første prøva i Oslo er rett rundt hjørnet.