–Det var mykje røyk som velta ut då vi kom, seier Rune Haugland ved brannvesenet, og røykdykkerane gjekk først inn i huset. Det viste seg å vere tørrkoking av kasserolle, slik at brannalarmen hadde blitt utløyst.

–Heldigvis var det ikkje verre i dag, seier Haugland. Han konstaterer at det lokale brannvesenet har hatt travle dagar, med fire utrykkingar siste dagane.

Denne gongen var det tørrkoking i ein kasserolle som utløyste brannalarmen. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes