Det er Eid Industrihus som har jobba med å få selt den kommunale eigedommen. Tre interessentar deltok i ein bodrunde der grupperinga med Geir Ove Røed, Gunnar O. Bakke og Reidar Vonheim til slutt kom med det høgaste bodet på 2,1 millionar kroner.

– Godt eigna

– Det er mykje aktivitet som ikkje er eigna til å vere i sentrum. Dette er eit område som er godt eigna for industri. Det ligg veldig skjerma med tanke på innsyn og støy og er ein fin plass for mange aktørar å etablere seg. Vi ønskjer å skape aktivitet og har stor glede av at ting skjer. Vi ser gjerne at andre også kan bli med, seier dei tre.

Gunnar O. Bakke poengterer at alle i Eid kommune må ha augene opne for at ein er avhengige av kvarandre.

– Det har blitt fantastisk fint i Sjøgata, men sentrum er også avhengig av det som skjer rundt om i bygdene, påpeikar han.

Sprengt kapasitet

Både Gunnar O. Bakke og Geir Ove Røed leiar bedrifter der det til tider er trongt om plassen, og det kan vere behov for meir kapasitet. Røed har også eigarinteresser i Retura Nomil og ser på området på Reset som godt eigna dersom selskapet ønskjer å ha aktivitet på nordsida av fjorden. Reidar Vonheim er ein gründer i bygda som kan infrastruktur og er ei viktig brikke å ha med på laget.

To andre interessantar

Dei to andre som ønskte å kjøpe næringsarealet var Roar Kjørstad som tenkte å nytte arealet til lagerplass og tomt til lagerbygg og Kvernevik AS v/ Oskar Kvernevik, som ønskte å nytte området til sentral for Kvernevik AS si entreprenørsatsing i midtre Nordfjord.

Næringsarealet på Reset er om lag 18 dekar stort, og med tilkomstvegar utgjer det 21 dekar. Mykje av det er opparbeidd og asfaltert. Her er tre nivå og reinseanlegg med kummar og sandfilter for overflatevatn. Her er også eit lite vaskehus og eit lite bygg med kontor og garderobefasilitetar.

Var slamdeponi

Drifta på slamdeponiet på Reset vart lagt ned ved nyttår 2016. Slamdeponiet var utleigd til Miljøservice på 10-årig avtale, med høve til forlenging. Ved utløp av avtaleperioden valde kommunen å avslutte leigekontrakten.

Miljøservice sine investeringar vart innløyst til nedskriven verdi, 2.700 000 kroner.

Vart lyst ut for sal

Næringsarealet vart lyst ut offentleg for sal der interessentar kunne melde seg på. Det melde seg altså tre interessentar. Etter synfaring på området vart det avtalt bodfrist med etterfølgjande bodrunde. Det kom inn tre rettmessige tilbod innan fristen. Høgste tilbod var då 850.000 kroner. Bodrunda starta same dag og vart avslutta tre timar seinare med høgste bod på 2.100.000 kroner.

Det går fram av saksutgreiinga at kjøpar ønskjer ei rask avklaring, slik at dei kan kome i gang med utvikling av området,. Det går også fram av sakspapira at ordførar tilrår at formannskapet nyttar hasteparagrafen, § 13 i kommunelova. Saka vil då verte referert på første møte i kommunestyret.

Ti parkeringsplassar

Som ein del av salsgrunnlaget har Eid kommune lagt inn kriterie om at kjøpar skal tilrettelegge ti parkeringsplassar for turformål i området. Den kommunale vegen til området har i dag vegbom, denne blir fjerna. Kjøpar skal drifte og vedlikehalde vegen til området. Kjøpar skal inngå avtale med grunneigarar som har vegrettar til sine eigedomar i området.

Kommunen meiner det er positivt å få selt området til ein aktør som har konkrete utviklingsplanar, og som kan skape aktivitet og arbeidsplassar på området. Ei slik etablering gir ringverknadar for meir aktivitet og vekst.

Økonomiske konsekvensar er at kommunen ikkje får dekt alle sine kostnader. Eid kommune kjøpte ut dette området for 2,7 millionar kroner, og verdien var i utgangspunktet sett til tilsvarande beløp.

STORT OMRÅDE: Det meste av næringsarealet er opparbeidd og asfaltert. Dei to bygga til høgre høyrer til reinseanlegget. Foto: Anna Wuttudal
INSPISERER TAK: Gunnar O. Bakke er allereie i ferd med å sjekke ut kva som må gjerast med taket på det vesle kontorbygget. Foto: Anna Wuttudal