Olavssteinen skal setjast opp på øya Selja til minne om fire Olav-kongar som har vore viktige for den heilage øya. Det var Torkjell Djupedal med fleire frå Vener av Selja kloster som først kom med denne idéen.

No har endå fleire vore engasjert i planane og steinen er ferdig med inskripsjon. Kuberget på Bø, austsida av Selja er valt ut som plass der den skal setjast opp. Men nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune vil rå i frå at steinen blir sett opp akkurat her.

Automatisk freda kulturminne

I eit brev frå fylkeskommuen heiter det at området Kuberget ligg i nærleiken av kyrkjestaden på Bø som er automatisk freda kulturminne. Denne kyrkjestaden husa den første kyrkja i Selje.  Bø har vore ein storgard, truleg frå eldre jernalder, og heile området har samansette kulturminne frå tidleg mellomalder. I dag er staden lite utbygt, med få inngrep, og fylkeskommunen meiner dette må bevarast inn i framtida. Dei tilrår heller at steinen blir sett opp lenger sør, ved der som båten kjem i land på Bø.

Vil fremje Selja

Torkjell Djupedal meiner derimot at ein slik bautastein på Kuberget vil fremje interessa for Selja som kulturhistorisk øy. Han vil også ha Olavsteinen på nettopp Kuberget, fordi det er ein odde eller spiss ut mot sjøen. Eit minnesmerke som også blir godt synleg frå skipsleia.

– Fylkeskommunen har oppmoda til initiativ som skal fremje interessa for stadar med kulturhistorisk verdi. Dette er eit godt eksempel på eit slikt initiativ. Dette er ein stein som vil gli lett inn i naturen. Ein naturstein funne i fjøra på Skårbø. Den stikk seg ikkje ut med andre materiale enn det vi finn i naturen. Dette er i tråd med å få opp interessa for Selja, og få fram historia om dei fire Olav-kongane som alle betydde mykje for den heilage øya og Norge sitt første bispesete, seier Djupedal som vil avise at steinen kjem innanfor område med freda kulturminne.

60 meter i frå

– Murane etter den første kyrkja på Selja finn vi nord for Kuberget. Det er 60 meter frå Kuberget til desse murane, og det er innanfor grensa på 50 meter når det gjeld avstand til freda kulturminne, seier Djupedal som viser til andre stadar i landet der det er blitt sett opp langt meir prangande minnesmerke.

– Eit eksempel er Tindeveggen ved Gulatinget. Det er eit flott minnesmerke, men langt større enn den steinen på to meter som vi vil setje opp. Eit anna eksempel er tre store skulpturar ved Hafrsfjord i Rogaland, til minne om slaget og Harald Hårfagre. Begge desse stadane er vel kulturminne, der ein likevel har fått sett opp store og godt synlege minnemerke, seier Djupedal som også viser til oppføring av vindmøller i godt synleg avstand frå Selja.

– Dette er vel eit langt større inngrep i naturen, undrast han.

Ventar på svar frå Selje kommune

Brevet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til Selje kommune er datert 16. april. Der det blir frårådd å setje steinen opp på Kuberget. No ventar fylkeskommunen på svar frå Selje kommune før dei går vidare med saka.

– Dette er ei sak som er under handsaming. Vi skal ta vidare stilling når vi ser kva Selje kommune svarer, seier sakshandsamar ved nærings- og kulturavdelinga, Karoline Hareide Breivik.

– Mest truleg vil vi kontakte Riksantikvaren før vi tek ei avgjerd om bautasteinen kan setjast opp på Kuberget. Dette er mellomaldergrunn og då er det Riksantikvaren som må koplast inn, seier Hareide Breivik som avviser at det kan bli avduking av steinen 7. juli, slik Torkjell Djupedal ser føre seg.

– Det tek nok lenger tid før dette blir ferdig handsama, seier Hareide Breivik.

Kuberget er ein spiss odde som peikar austover mot Selje. Her meiner Torkjell Djupedal at Olavssteinen vil kome til sin rett, godt synleg både frå land og sjø. Foto: Venner av Selja kloster