Forbodet gjeld bål for å brenne hageavfall og liknande.

– No er det ekstremt tørt på grunn av mangel å nedbør over fleire veker. I tillegg er vinden med på å tørke ut vegetasjonen. Difor innfører vi bålforbod, seier brannsjef i Eid kommune, Ketil Nord.

– Forbodet gjeld ikkje grilling. Vi kan ikkje hindre folk å grille i det fine vêret som vi har no, seier Nord som påpeikar at det er meir varme i sikte, og ikkje så mange regndråpar på veg.

– Vi går mot endå meir varme og brannfaren aukar. Vi oppmodar folk om å bruke sunn fornuft og vere forsiktige, understrekar han.