– Nordfjordeid skule fungerer som ein byskule, og elevtalet her vil alltid stige. Sjølv om vi framskriv fødselstalet vil det alltid vere tilflytting som gjer at elevtalet her aukar, seier Sivertsen. Han påpeikar at både elevtalet og ressursane har auka.

Han konstaterer at også Kjølsdalen er i veldig vekst, medan Hjelle er stabil. Haugen går litt tilbake til hausten, medan Stårheim framleis er usikkert i samband med Bryggjaelevar eller ikkje.

– Vi er lågt bemanna både i barnehagar og på skular, men prøver å behandle alle likt, og rektorane er med å fordele ressursane, fortel han.

Sivertsen viser til at det er sett inn ulike tiltak; Det er styrka bemanning på alle skulane, ein har styrka leiinga ved Nordfjordeid skule, ein har no omgjort til også å ha assisterande rektor på Eid ungdomsskule, og ein har brukt ressursar til tidleg innsats.

– Frå og med hausten vert det ei 40 prosent stilling ekstra ved Nordfjordeid skule, og ei 30 prosent stilling ved ungdomsskulen, fortel han, som påpeikar at ein ikkje har meir pengar å bruke.

Handhevar reglar

I fjor vedtok kommunestyret nye reglar for skulekrinsgrensene.

– Desse har vi handheva veldig strengt, og har køyrt konsekvent. Men kvart år kjem det søknadar frå seks-sju elevar om å flytte dei frå ein skule til ein annan. Men når foreldre har valt å flytte til ei anna grend, har dei også valt kva skule barnet skal gå på, seier Sivertsen.

– Vi ser også at barnehagane våre er pressa, samtidig som vi veit at grunnlaget vert lagt med tidleg innsats i barnehage og dei første skuleåra, seier han.

Alle lærarstillingar i Eid er no besatt, og per 15. mai hadde han berre kvalifiserte lærarar på blokka si.

– Vi har flinke lærarar med bredt spekter av kompetanse, og skulane gjer det bra fagleg. Skulane frå Eid har til dømes i ei årrekkje vore i landstoppen i lesing, påpeikar han.