Utrekningane er gjort med utgangspunkt i at brua står klar i 2030. Tala som vart lagt fram på brumøtet viser at det ligg eit stort uforløyst potensial i realisering av brua. Frå dagens ÅDT på 1400, vil ein med ei bru kunne få 4000–4900 ÅDT i 2030. Og sjølv med ny E39 i indre Nordfjord, får ein kring 3000 ÅDT på Nordfjordbrua. Potensialet er så stort at brua står på eigne bein.

Får valfridom

Blindheim la vekt på at brua gjev eit enormt utviklingspotensial for omgjevnadene. Mest for Gloppen og Eid, men også kopla opp mot Stryn, Måløy, Stad skipstunnel og nord-sør.

– Det er ikkje det at ferja tek så lang tid, men den usikkerheit og uforutsigbarheit som følgjer med og den valfridomen ein får ved å kunne reise ferjefritt over fjorden når ein vil.

– Ikkje halleluja

Finansieringspotensialet er rekna til å vere mellom 2,4 og 3,7 mrd. kroner.

– Dette er ikkje ein finansieringsrapport som er bestilt for å få halleluja med veldig høge tal, poengterte Blindheim. Han la vekt på at ein har brukt vegvesenet sine eigne metodar og modellar til utrekningane.

Samstundes la han ikkje skjul på at det er mange usikkerheitsmoment. Det som er gjort er grove potensialvurderingar, og resultata er ikkje hogde i stein. Ikkje minst er det knytt usikkerheit til ferjeavløysingsmidlar, kva ein der kan leggje inn. Her får du ulike svar alt etter kven du spør.

Faktorar som overgang til førarlause bilar og korleis kollektivtilbodet blir, er blant andre faktorar som ein førebels ikkje har fasiten på.

«Det gylne triangel»

Sindre Blindheim snakka om «Det gylne triangel», Eid, Gloppen og Stryn, og omtalte Nordfjordbrua som ein «gamechanger» for lokal og regional utvikling.

Rapporten viser at det er Gloppen og Sandane som får den største effekten. Sandane når brått tak i både Måløy, Stryn og Volda i det som kan vere akseptabel pendlaravstand.