Det var rundt klokka 20.20 måndag kveld at politiet meldte om brann i Halsteinslida i Hjelmelandsdalen i Eid kommune.

Det er eit stabbur som er i brann.

Like ved stabburet er det eit bustadhus, melder politiet.

Stabburet er utbrent, og det blir no jobba med å sikre at brannen ikkje spreier seg.

Oppdatert: Det er ikkje fare for spreiing av brannen til bustadhuset. Ein barnefamilie bur i huset. Alle kom seg ut i god tid, og er i sikkerheit.

Brannmannskap i arbeid på staden. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes