– Det er ikkje fordi det går dårleg med butikken, men eg har lyst å gjere noko heilt anna. Ein lever berre ein gong, og skal eg gjere noko anna må det vere no, fortel eigar Mariann Bergset Kongsvoll.

Med flagget til topps

Det er ikkje med lett hjarte ho har tatt avgjerda om å avvikle klesbutikken.

– Det har vore ein lang sorgprosess, men eg har kome til at det er greitt å gå ned med flagget til topps. Eg har i alle fall ikkje gjort ein dårleg jobb, seier ho.

Bergset-butikken har ei lang historie tilbake til januar 1925 og fram til slik den er utvikla i dag.

– Eg elskar bransjen. Det hadde ikkje vore naudsynt at eg sluttar. Å halde fram hadde vore det mest komfortable, men det hadde ikkje vore best for meg. Det er ei tid for alt, påpeikar Mariann, som i ein alder av 58 har bestemt seg for å gjere noko anna enn å drive klesbutikk.

– Det er ikkje aktuelt å selje butikken til nokon andre. Eg må klippe tråden. Det skal ikkje vere fortsettelsen på noko, då ville eg ha halde auge med drifta, fortel Mariann. Ho planlegg å ha avslutningsfest 31. juli.

– Det verste vert å ikkje ha arbeidskollega Solveig Refvik ved sida mi. Vi har fungert som hand i hanske. Heldige er dei som får henne, smiler ho.

Tøff bransje

Mariann innrømmer at ho har gått gjennom mange prosessar før ho endeleg tok avgjerda om avvikling.

– Det er ein tøff bransje, og når ein driv frittståande butikk må ein vere på og ha sansane opne heile tida – ein kan ikkje sove, seier ho.

Grunnen til at ho stengjer dørene i sommar er samansett. Prosessen har vore lang, heile tjue år har det tatt. For 20 år sidan tok ho seg ein pause og tok seg eit studieår. For ti år sidan tilsette ho ein ny butikksjef. I dag har ho inga anna løysing enn å avvikle.

– Eid er i kjempepositiv utvikling. Eg håper for gata sin del av vi får leigd ut lokala og får lys i vindauga så fort som mogleg. Det er fantastisk kjekt å sjå at handelen på Eid er så positiv for dei fleste, og at vi har fått nye etablerer med ung energi og entusiasme til å etablere seg utanom Amfi-senteret. Hurra for dei, påpeikar ho, som også synest det er beundringsverdig å sjå alt engasjementet og arbeidet mange legg ned for å skape aktivitet i Eidsgata.