Namn: Ole-Mathias Nes

Bur no: Mathisgarden på Nes

Budde før: Sogndal

Fødd: 1983 på Nordfjord Sjukehus

Utdanning: Siviløkonom(NHH), bachelor i historie og politikkfag(UiB), vegfag(NTNU), tubaist/bassist(Toneheim Folkehøgskole)

Stilling: Seniorrådgjevar i Statens vegvesen(Byggherreseksjonen, region vest)

Sivil status: gift med Marianne Valeberg Nes

Barn: Sigrid(4) og Anna(2)

Kjæledyr: Delt omsorg for ein flatcoated retriver

Aktuell: Flytta heimatt til Eid i 2018

− Kvifor har du valt å flytte tilbake til Eid?

− Fordi Eid er ein flott plass å vekse opp på for ungane, og ein kommune der ein har eit breitt spekter av aktivitetar for store og små. Når ein fyrst tek valet om å flytte, er det sjølvsagt kjekt å komme heim til ein kommune der det har skjedd så utruleg mykje positivt dei seinare åra. Så har sjølvsagt kvalitetane ved Hjelle krins og bygdene der vore viktig.

Hjelle skule, ein stor og flott skule med naturnært leikeområde, eit svært aktivt idrettslag i Heia og eit rekordstort skulekorps var med på å gjere valet enklare fordi det appellerer til våre interesser. I tillegg er det ikkje til å komme vekk frå at draginga mot garden på Nes og det faktum at eg var einaste arving der, har spelt ei viktig rolle.

− Kva var mest avgjerande for flyttinga?

− Vi har heile tida vurdert å flytte tilbake til Nes, men då kona mi hadde ein gard på Kaupanger og eg på Nes, vart det eit val som vi trengde tid på og måtte modnast. Det var 50–50 for kvar vi hamna heilt til ganske nyleg. Når vi til slutt fekk teke ei avgjerd, var det utløysande at eldstejenta snart skulle byrje på skule samt at Marianne fekk jobb på Eid vidaregåande skule frå nyttår og at bror til Marianne kunne ta over garden på Valeberg.

− Kva sakna du mest då du budde borte?

− Familien er jo det opplagde svaret. Men så vil eg også seie Nordfjord. Det at ein i løpet av ein time kan komme seg frå den inste isbre til den ytste øy, er ganske unikt.

− Er det noko spesielt du brenn for på heimplassen?

− Eg brenn vel generelt for litt for mykje. Akkurat no brenn eg for fiberutbygging i bygdene, og har difor brukt ein del tid på å skrive høyringsutkast til kommunen der eg understrekar kor viktig det er for innbyggjarane og næringslivsaktørane i Nesbygda å få fiber på plass. Eid kommune har vore svært offensive og framtidsretta i dette arbeidet, så eg har god tru på at dette løyser seg.

Elles brenn eg for landbruket, korpsrørsla, frivilligheita og staden eg bur på. Det er viktig å engasjere seg i lokalsamfunnet og bidra med det ein kan.

− Korleis er livet ditt om ti år?

− Om ti år er eg 45 år og har konfirmant i hus. Det i seg sjølv er ei brutal erkjenning. Så lenge ungar og familie har det trygt og godt, så har eg det godt. Elles ingen store vyar på eigne vegner. Har ein liten draum om kanskje starte med noko for meg sjølv i det private ein gong, men tida vil vise kva det blir til.

− Kva skulle du bli då du var 14 år gamal?

− Det var vel fotballproff som mange andre på den alderen. Hadde ein draum om å etterfølgje Roy Keane på sentral midtbane på United. I staden vart det nokre år på aldersbestemt for Eid IL, og etter kvart midtstoppar på Heia i tospann med bautaene Per Martin Håvik og Rune Midthjell. Ikkje å kimse av det heller.

− Kva er du mest fornøgd med i livet ditt no?

− Kona mi, ungane mine og at eg kom tilnærma heilskinna gjennom den fyrste saudelambinga på garden.

− Kva er det verste du veit?

− Urettferdigheit, lokalt og globalt. Så er eg heller ikkje spesielt begeistra for sutring generelt og spesielt dersom ein ikkje er villig til å ta eit tak sjølv. Det kjem og ganske høgt på lista at Liverpool har kara til seg ein Champions League-finale. Som ihuga Manchester United-fan er det tungt å vere vitne til.

− Kva er den største forskjellen på livet i Sogndal og livet på Eid?

− Det er forskjell på å bu midt i sentrum og litt utanfor som vi gjer no. Det merkast i kvardagen, men det er fordelar og ulemper med alt. Elles byr Eid og Sogndal på mykje av det same. Det er to tettstader i fylket vårt som har hatt ei rivande utvikling dei seinare åra.

− Kva har opptatt deg mest i det siste?

− Generasjonsskifte på garden, husteikningar og saudelambing.

− Korleis ser du på framtida til Stad kommune?

− Sett utanfrå ser det ut til at Stad kommune, gjennom godt politisk handverk og høg grad av innbyggjarinvolvering, har fått ein god start i livet. Det vert ein langstrakt kommune med eit breitt spekter av næringsaktørar, ein desentralisert skulestruktur og kvalitetar frå dagens kommunar som vil utfylle kvarandre godt.

Samtidig er det ikkje til å komme vekk frå at det kan verte nokre avstandsulemper i ein kommune som strekk seg over 90 kilometer frå aust til vest. Ein skal vere optimist og på framfot i høve til moglegheitene denne samanslutninga gjev, og oppriktig i høve til dei utfordringane som er der. Så lenge ein har «Nordfjordperspektivet» og «alt i ein fjord-tankegangen» i botn for arbeidet i eksisterande og nye kommunar, trur eg at dette vil bli bra.

− Kan du tenkje deg å engasjere deg i kommunepolitikken?

− Eg kjem meir eller mindre direkte frå fleire år som lokallagsleiar i Sogndal Senterparti, medlem i kommunestyre/formannsskap, og eitt år som politisk rådgjevar for fylkesordføraren, så heilt utenkjeleg er det vel ikkje. Men akkurat no kjennest det heilt riktig å vere utan politiske verv slik at ein kan prioritere oppussing av hus, familien og det å bli kjend med Eid på nytt. Eg har ikkje budd heime sidan eg reiste i Gardemusikken i 2002, så sjølv om mykje er velkjent og trygt, så er det og mykje som er nytt.

− Kva synest du om jobbtilbodet i distriktet?

− Jobbtilbodet er allsidig, og set ein passaren på Nes og dreg ein god radius rundt, er jobbar både i Nordfjord og søre Sunnmøre aktuelle. Samtidig meiner eg at det no er på høg tid at Nordfjord får sin rettmessige del av dei arbeidsplassane som det vert sagt skal flyttast ut. Vi er i 2018 og teknologi- og kommunikasjonsmoglegheiter gjer at ein like godt kan lokalisere til dømes statlege arbeidsplassar på Nordfjordeid som i Oslo.

Teknologiutviklinga burde vere den viktigaste brekkstonga for utflytting og desentralisering. Så langt har det gjeve få resultat, men eg håpar at dette no vil endre seg. At ein i eit område som Nordfjord får fleire arbeidsplassar, er og på mange måtar syrestesten på om den pågåande regionsreforma vert vellukka eller ikkje.

Sjølv jobbar eg i ein statleg etat der eg servar eit område frå Nordfjord i nord til Egersund i sør, no her ifrå Nordfjordeid. Med dagens kommunikasjonsmoglegheiter og stadig ny teknologi er dette ingen problem, snarare tvert i mot. Eg vil sei det er ein fordel med tanke på effektivitet og nytenking at ein har små og tverrfaglege miljø som er tett på verkelegheita

− Er det noko du saknar i Nordfjord?

− Saknar sjølvsagt familien vår i Sogn og gode vener frå studietida i Bergen. Med unntak av det føler eg at Nordfjord byr på det aller meste for dei aller fleste. No når barndomsheltane Vazelina Bilopphøggers, samt favorittbandet mitt Gåte kjem til Malakoff i sommar, er vel livet nærast komplett?

− Føler du at du no har fått realisert deg sjølv?

− Sjølvrealisering har aldri oppteke meg. Vegen har blitt til medan ein har gått, og dei opplevingane og erfaringane ein har fått, ville eg ikkje vore forutan. Likevel, EM og NM-sigrane for brassband med Manger Musikklag og CD-innspeling, konsertar i Grieghallen med Eikanger Bjørsvik Musikklag, er vel høgt oppe på sjølvrealiseringslista. Uansett er sjølvrealisering etter mitt syn noko som skjer kontinuerleg og i samspel med andre. Ikkje ein egotripp i ein avgrensa periode av livet.

− Kva råd har du til andre utflytta nordfjordingar?

− Flytt heim. Gjerne til Eid, gjerne til Hjelle.

− Kva synest du om «nye» Nordfjordeid (handel, vikingsenter, cruise)?

− Nordfjordeid er sentrum i Nordfjord og har utvikla seg veldig positivt i dei siste åra. Nordfjordeid har teke ein posisjon som det naturlege handelssenteret i regionen gjennom offensive aktørar i det private næringslivet og offensiv satsing av det folkevalde. Satsinga på Sagastad og Amfisenteret har utan tvil gjeve positive ringverknader for Eid og Nordfjord.

– Cruisesatsinga er eit tviegga sverd. Den vil vonleg føre med seg positive handelseffektar og liv og røre i Eidsgata i tillegg til eit nytt tilskot til turistnæringa i Nordfjord. Ulempa er vel per i dag utsleppa frå cruiseskipa. Landstraum vil hjelpe, men næringa har framleis ein veg å gå med å omstille seg til «Det grøne skiftet» Heldigvis har Stortinget nett gjort vedtak om at cruiseskipa skal vere utsleppsfrie innan 2026.

– Aske, Minibakeriet, Didriks, Totland Libris, Hildenes gartneri, Coco, Narvesen og fleire andre er viktige aktørar i Eidsgata. Det vert svært viktig framover for den unike gata vår at ein får på plass fleire aktørar, og gjerne ein tung aktør som i større grad dreg folk opp i gata gjennom heile året. Handelssenteret og Eidsgata er gjensidig avhengige av kvarandre. Slik må det vere.

− Kva er favorittseriane dine?

− «Heimebane» med Ane Dahl Torp i hovudrolla er ein fantastisk serie. I tillegg er «Homeland» obligatorisk i heimen. Har og stor sans for Ramm, ferdig, gå» og «Mesternes mester».

− Kva medium brukar du for å oppdatere deg på nyhende?

− NRK, Aftenposten, Nationen, Romsdals Budstikke, Sunnmørsposten, Fjordabladet, Fjordingen, Fjordenes Tidende, Firda Tidend og Sogn Avis.

− Har du eit råd til kommunepolitikarane?

− Det ser ut til at dei klarer seg godt utan mine råd, men eg håpar dei held fram med å vere rause med kvarandre og jobbe godt tverrpolitisk. Det er dei breie forlika i kommunestyret som definerer eit godt og velfungerande politisk miljø, ikkje symbolpolitikk og spissformuleringar.

− Skal du på Opera Nordfjord til hausten?

− Sjølvsagt.

− Kvar går årets ferietur?

− Fyrst til Lillehammer og Brøttum for å besøke eit venepar, og så innom Hunderfossen og Lilleputthammer. Så vil eldste dotter vår sjå slottet der kongen og dronninga vår bur. Dermed blir det å svippe nedom Oslo og. For ein passeleg barnsleg og svoren rojalist, er dette den beste ferieturen ein kan få.

− Kva har du på nattbordet?

− IPhone, boka Syria; ein stor krig i ei lita verd av Cecilie Hellestveit og baby call.

Jul i heimen Foto: Privat