Hausten 2016 sto eit topp moderne sauefjøs med plass til 180 vinterfôra sauer klart. Ei betydeleg investering, 2,4 millionar kroner, men alt er gjort for at det skal vere lettvint. Sauene får kraftforet frå automatiske kraftforstasjonar, og grovfôret får dei i fôringskasse, såkalla islandshekk.

Jobb i Palfinger

Bjørhovde arbeider som serviceteknikar i Palfinger som leverer kraner og har service både på skipsverft og offshore. Så arbeidsplassen hans er eigentleg heile verda. Han fortel at han mellom anna var seks år på skipsverft i Sør-Korea og var med på å byggje Aasta Hansteen-plattforma.

På neste oppdrag vert han borte i ti dagar, men det vanlege er 2–4 veker. Når han er borte er det foreldre og sysken som tek seg av stellet av sauene.

Nattlamming i år

Drifta i nyefjøsen er vanvittig mykje enklare enn i gamlefjøsen, seier Bjørhovde. Om vinteren består arbeidet mest i å fylle rundballar i islandshekken annankvar dag, og generelt tilsyn. Men under lamminga er det like travelt som før. Han har innretta seg med soveplass og kontor i nyefjøsen og er på jobb 24 timar i døgnet, så sjølv om det i denne perioden kan bli lite søvn, klagar han ikkje. Å drive med sau er som kjent like mykje livsstil som jobb. I år har det forresten vore mykje nattlamming.

Sterk interesse for sau

Bjørhovde fatta tidleg interesse for sau og sauehald. Faren hadde drive med sau, men drifta hadde lagt nede i sju år då han bestemte seg for å satse. Han er og opptatt av å bidra til å hindre gjengroing og føler at han må halde familiegarden i hevd.

I tillegg til stor støtte frå familien, har han god nytte av ein Border collie, importert ferdig trena frå Irland i fjor.

Akkurat no har Bjørhovde rundt 120 lammesauer, men har konkrete utvidingsplanar og håpet er på sikt å ha garden som einaste leveveg. Etter fire år som sauebonde er han på ingen måte blitt mindre motivert.

I tillegg til full jobb og sauedrifta får han og tid til å engasjere seg i fagorganisasjonar. Sidan februar 2017 har han vore leiar i Eid Sau og Geit. Dessutan er han styremedlem i Sogn og Fjordane Sau og Geit og nestleiar for avlsrådet for sau i fylket.

Respekter bandtvangen

Om knapt ein månad skal heile flokken til fjells. Bjørhovde håper på gode beiteforhold tidleg i år. Han fraktar sauene til Harpefossen og slepper dei der. Tapa på fjellbeite er små, men laushundar kan vere eit problem. Altfor mange slurvar med bandtvang i beitesesongen. Han er litt forundra over svaret han får når han snakkar til folk som let hunden gå laus. Dei seier gjerne at min hund er så snill at, og er ingen fare for sauen. Hans klare oppfordring er: – Respekter bandtvangen.

Undersal av sauekjøt

Bjørhovde meiner at det ikkje er overproduksjon men undersal som gjev ein utfordrande marknadssituasjon for sauekjøt, og som påverkar økonomien i sauehaldet negativt.

– Butikk-kjedene er for dårlege med utval og mengder sauekjøt i butikkdiskane, hevdar han. Andre typar kjøt, av kylling, gris og storfe får for stor plass i butikkane i høve til produkt av sau, påpeikar han. Her har kjedene ein jobb å gjere for å få opp salet på sauekjøt og ta inn fleire av dei gode produkta som finst av sau.

Om framlegget frå staten i årets jordbruksoppgjer, seier Bjørhovde at det ikkje er så gale sett i forhold til marknadssituasjonen. Han er eigentleg nøgd, og vil ikkje klage i år. Men oppgjeret var betre for tre år sidan.

Eid er ein jordbrukskommune

Bjørhovde lurer på om folk er klar over kor viktig jordbruket er i Eid. Som organisasjonsmann har han god oversikt, og kan slå fast at unge folk satsar optimistisk på både mjølk og sau. Talet på sauebønder har auka dei siste åra og sauetalet er stigande. Det er Norsk kvit sau som er det dominerande sauerasen.

EIN GLAD BONDE: Bjørhovde uttrykkjer ekte glede over å vere sauebonde. Foto: Per Ole Lefdalsnes
VÅRENS VAKRASTE EVENTYR: Lam som hoppar og sprett er prototypen av vårleg idyll. Men pass opp for reven! Foto: Per Ole Lefdalsnes
BERRE TVILLINGAR: Får sauen meir enn to lam vert dei tekne ifrå for eiga oppfôring. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SJELDAN FARGEVARIANT: Her har naturen gjeve ein sjeldan kombinasjon av svart og kvitt. Foto: Per Ole Lefdalsnes