Dette vart gjennomført i Askvoll, Aurland, Bremanger, Fjaler, Førde, Gloppen, Hyllestad, Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund, Vik og Vågsøy.

I år har fylkeskommunen fått tildelt midlar frå Kartverket til å gjennomføre ei tilsvarande kartlegging i dei 11 kommunane som ikkje var med i den førre kartlegginga, slik at ein får eit heilskapleg bilete av sentrumsnære turvegar i fylket. Dette gjeld; Balestrand, Eid, Flora, Gaular, Gulen, Hornindal, Høyanger, Jølster, Leikanger, Stryn og Årdal.

Formålet med kartlegginga er å kunne vise til døme på turvegar i lokalsamfunna der folk bur, som ligg sentralt og som er tilrettelagde, lett tilgjengelege og universelt forma ut. Fylkeskommunen vil stå for gjennomføring av kartlegginga og rapportering. Sjølve kartlegginga vil bli gjennomført ved at ein reiser rundt til alle kommunane og måler opp, og registrerer ulike data på dei aktuelle turvegane.

Kartlegginga vil ikkje ha nokon kostnad for kommunane, men fylkeskommunen treng hjelp til å finne/bestemme kva turvegar vi skal kartlegge i kvar enkelt kommune. Dei vil også gjerne at ein eller to representantar er med å viser turvegen når dei kjem for å gjere oppmålingar.

Planen er å gjennomføre sjølve kartlegginga og oppmålingane i løpet av august/byrjinga av september.