Både Språkrådet og politikarar i nabofylka har åtvara mot å ta i bruk namnet og meiner det blir misvisande ettersom Vestlandet òg femnar fylka Rogaland og Møre og Romsdal, som ikkje er med i samanslåinga.

Etter at regjeringa gav Hordaland og Sogn og Fjordane full støtte i namnevalet sitt, har motstandarane sett sin lit til KrF, som vurderte å setje ned foten for forslaget. Men ifølgje Bergens Tidende har stortingsrepresentantane i KrF no konkludert med at dei ikkje ønskjer omkamp.

– Namnet blir Vestland, seier kommunalpolitisk talsperson i KrF Torhild Bransdal.

Blant opposisjonspartia på Stortinget er skuffelsen stor over konklusjonen til KrF.

– KrF har openbert ikkje mykje trua på seg sjølv, seier Willfred Nordlund (Sp).

Heile 15 fylke får nye namn frå 1. januar 2020. Sp-politikaren er særleg kritisk til to av dei, Vestland og Innlandet.

– Eg forstår at Hordaland og Sogn og Fjordane ønskjer dette. Namnet har ein enorm marknadsføringsverdi. Men ein kan ikkje bruke ei geografisk nemning når berre to av fire fylke er med, seier han.

Opphavleg ønskte Hordaland og Sogn og Fjordane å kalle det nye storfylket Vestlandet, men endra namnet til Vestland i eit forsøk på å komme motstandarane i møte.