Av vedtaket går det fram at ridehall og uteområde er godt tilrettelagt og tilgjengeleg for brukarar med funksjonshemming. I ridehallen er det både rampe, trapp og heis med sele til bruk ved løft til hesterygg.

Hestesenteret har et stort utval av ridehjelmar til utlån.

Hestesenteret har eit breitt utval av utstyr for rideaktivitet, og dette sikrar god tilpassing til den enkelte brukarens behov.

Ridefysioterapi vert gjennomført i eit samarbeid med hestelinja ved Fjordane Folkehøgskule.

Alle som deltek har fått naudsynt teoretisk og praktisk opplæring på førehand. Ridefysioterapi går føre seg på skjerma og trafikksikkert område og internkontroll av hestar og utstyr til ridefysioterapi følgjer dei faste rutinane ved Norsk Fjordhestsenter. Det er ikkje gjort pålegg om utbetringar.

Ny vurdering av ridestaden skal utførast innan 14.12.2019