Det vart ein dramatisk start på pinsehelga då ein båt med to personar i 40-åra køyrde på land på Selja i dag tidleg. Båten vart liggande med baugen i veret, og ei kvinne vart redda ut av dykkarar frå redningsskøyta RS Halfdan Grieg og brannvesenet. Vedkomande fekk førstehjelp av helsepersonell og er frakta til sjukehus. Den andre personen om bord, ein mann, kom seg på land og fekk varslet politiet.