"Kjære alle saman, gratulerer så mykje med dagen!

I dag feirar vi at vi kan leve som frie sjølvstendige menneske i eit fritt land.

Eg sa til Jagoda, kona mi, no nyleg at vi er veldig heldige som bur her på Hauane, ein vakker og fredeleg plass på jorda,  ei fin bygd med fantastiske menneske rundt oss.

Som prolog skal eg skal lese eit dikt som for første gang vert framført i dag, og det er forfattaren sjølv som les:

Hauane solar seg i glansen

frå borna som deltek i dansen

alle tek del i gleda

vi kjenner den i sjela

Hjalma renn vill og våt

vinter vert til vår

lamma spring på beite

våren er skikkeleg heite

Til Naustdalkamben vi gjekk

ei hytte vi fekk

til glede og nytte

for alle som til Eid kommune vil flytte

Bygda breier seg ut

frå fjell til båresprut

her er godt å leve

det er nesten som å  sveve

Ei jord har vi fått

av dei som har hatt smått

vi skal  gje vidare til borna

ei verd som treng å bli ordna

Grunnlova er  204 år

nasjonen til folket si teneste står

sjølvsagt er dette ikkje

vi må aldri demokratiet svikte

Vær stolt av den du er

ta vare på det du har

små stunder i kvardagen er verdt mest

lev ekte,  gje frå deg det du kan best

No er tida koma

for  feiringa av grunnlova

17. mai skal vi halde

for det var det vi valde"