"Kjære gode Eidarar, gjester og andre. Gratulere så mykje med dagen.

17. Mai er unik i verdens samanheng. Det er få andre land som tar så skikkeleg i når ein skal feire ein merkestein i eit lands historie.  Det er så utruleg imponerande å sjå korleis folk gler seg til denne dagen, barn som forventningsfull ser fram til ein dag med mykje leik og moro. Korpsfolk som med gru ser fram til 4-5 tog, gnagsår og kanskje gler seg mest til å dette ned i sofaen på ettermiddagen/kvelden med beina høgt. Det merkelege er at dei gjer dette kvart år og dei spreiar glede rundt seg med vakker musikk.

17. Mai er fantastisk og det er ein nasjonal skatt som må hegnast om.

Vi kan i dag sjå ein start på ein trend som setter spørsmålsteikn med lykke omgrepet som vi har definert i dei vestlege land dei siste 20 åra.

Kven har vel ikkje lest eller sett ei populær vitskapleg bok om korleis du vert lykkeleg.

Jakta på lykke er eit trekk ved samfunnet vårt. Vi ynskjer å vise glansbilde av oss sjølv til naboar og venner.

«Det vesentlige ved lykken er ikke rikdom og nytelse, men aktivitet, den frie utfoldelsen av evner, samt vennskap med gode mennesker.» (Aristoteles)

Sosiale media har i dei siste 5 åra tatt sitt enorme inntog i menneska sin kvardag.  Dette gjer oss enda meir synlege for andre og vi sjølve kan i langt større grad styre korleis vi ynskjer at andre skal tenke og meine om oss.  Vi ynskjer å skape det bilde som gjer at andre vil sjå på oss å tenke kor flott, kor flink, kor vakker, kor bra.

Vi har vel eit ønske om å leve lykkeleg alle våre dagar.

Vi som bur her i Noreg, er også nær ved å leve ut denne røyndomen. Ifølgje World Happiness Report, som kom i mars, er vi det nest mest lykkelege landet i verda. Berre Finland snik seg framfor oss på lykkestatistikken. I fjor låg vi heilt på topp.

Så langt alt vel, for vi blir jo reint lykkelege av å lese statistikkar som fortel at det går så godt for oss. Vi vert på mange måter lik eventyra ”og så levde dei lykkeleg alle sine dager”

Men har vi eigentleg fått pallplass i jakta på det gode liv, eller kan kåringa også vere eit varsel om at vi bør stoppe opp litt og tenke oss om?

Kan jaget etter lykke skape ein følelse av ulykke?

Det er eit paradoks i dagens samfunn der vi er verdens lykkelegaste så viser andre statistikkar eit litt anna bilde.

Fleire er einsame, ungdom slit meir, større forskjellar i Noreg, færre engasjerer seg i frivillig arbeid og demokratiet slit med oppslutninga.

Vi må  kunne vere meir opne for at glansbilde av meg og deg ikkje er så glansfullt som vi gjev uttrykk for.

Den amerikanske journalisten og psykologen Emily Esfahani Smith har definert  i si forsking ein teori rundt det å ha eit meiningsfullt liv, dei fire viktigaste punkta er:

Gode relasjonar,

oppgåver som bidrar til samfunnet,

at vi forstår erfaringane våre gjennom forteljingar,

og at vi er forbundne med noko større enn oss sjølve.

Gode relasjonar er det fyrste Emily Smith trekker fram:

Eg er aldri einsam i naturen når eg går for meg sjølv, men eg kan føle meg veldig einsam i mengda av andre personar. Gode relasjonar, vennskap ei god veninne, ein god kamerat, nokon du stolar på er ein livsnerve i eit menneske sin kvardag.

Forskinga peikar på kor viktig vennskap er for barn i barnehagen, for unge i småskulen, for ungdom på ungdomsskulen og vidaregåande og for eldre. Dette burde vert sjølvsagt og dette burde forplikte oss. Vennskap er ikkje bare å få men og å gje, ikkje bare til ein nær venn men og til andre rundt oss. Det er bare vi som kan få ein person ut av einsemd.

Det andre som Emily Smith har beskreve er:

Oppgåver som bidrar til samfunnet.

Eg starta talen med å trekke fram korpsmusikarane i min tale. Dette var bevisst. Dere i korpset er eit godt bilde på kor viktig frivillig arbeid er.

17. Mai kan vere eit slit for dere med mange tog, mange km trakking og såre lipper av blåsing som gjev vakker musikk. Det kostar noko men eg trur det gjev mykje tilbake og.

Eg er speidarleiar i Selje og kan av og til i ein elles hektisk kvardag sukke når speidarmøte nærmar seg og eg ikkje heilt har tenkt igjennom korleis den instruksjonen skal gjennomførast. Men det slår meg kvar einaste gong. Når bålet er tent, ungane er i aktivitet og instruksjonen gjekk tåleleg bra og eg hører ungane leikar og koser seg i naturen kjenner eg ei lykkefølelse som bare er god.

Eg har fått kjenne nokon av eldsjelene i Eid det siste året og eg må berømme engasjementet og kreativiteten som de viser fram her. Om det er kunstgalleri, opera, revy, korps, band, hest eller kyrkje  så er det ei bredde i det frivillige livet i Eid som er imponerande.  Bak dette står frivillige, enkeltpersonar som legg ned tid og krefter fleire gongar i veka. Ein kan verte sliten og trøtt men det gjev og så mykje tilbake.  Det gjev meining i kvardagen!

Det tredje som Emily Smith har beskreve er:

at vi forstår erfaringane våre gjennom forteljingar

Kong Harald sa i si nyttårstale i 2016 dette:

”I Oppland fylke hadde 4.-7. trinn på grunnskolene en oppgave der de skulle skrive brev til Kongen, som jeg senere fikk lese. En jente hadde skrevet i sitt brev til meg: «Det er viktig å holde på tradisjoner fra gammelt av, så de ikke blir pakket sammen og lagt i en støvete skuff».

Et tre er et fint bilde på dette. Røttene er arv og tradisjoner. Treet over bakken utsettes stadig for påvirkning som krever vedlikehold gjennom skiftende årstider og livsstadier. Så lenge treet lever, graver røttene seg sakte dypere og dypere ned.

Det er viktig å være røttene våre bevisst – og gi nye generasjoner mulighet til å forstå referansene i kulturen vår. Det handler både om historie, religiøse tradisjoner og fortellinger, myter, eventyr, musikk og billedkunst.

I enhver kultur, i et hvert land, er kjennskap til denne arven med på å gjøre oss helere som mennesker. Det er en rikdom som hjelper oss til å kjenne at vi hører til et sted og ikke lever i et vakuum. At vi har blitt påvirket og inspirert av de samme kildene som mennesker som har levd før oss.

Treng vel ikkje å kommentere så mykje meir. Eg er så glad at vi har ein konge og eit kongehus som på ein så flott måte inkluderer historia inn i møte med nye kulturar og nye trendar.

Så til det siste som Emily Smith trakk fram:

og at vi er forbundne med noko større enn oss sjølve.

Vi er ikkje oss sjølv nok. Vårt sosialdemokratiske samfunn som vi deler med våre skandinaviske brødre og søstre er trekt fram av fleire land som eit ideal ein ynskjer å lære av. Vi har etter 2. Verdskrig bygd opp eit samfunn der alle skal ha like moglegheiter for å kunne skape og leve. Vi har også gitt rom for det eksistensielle som ein viktig faktor i samfunnet, enten du er kristen, humanist, muslim eller er agnostikar.

Likeverd og toleranse er viktige verdiar i Norge og verdiar som vi må hegne om. Historia er dessverre full av historier om menneske som er tråkka på, vorte stengd ute og ikkje fått leve det liv som ein ønsker. Heldigvis ser vi at dette er i ferd med å snu. Aksepten for det som er annleis er større no enn bare for nokre få år sidan.

Det som er viktig at vi ikkje går i den andre grøfta og river bort vår historie, vårt verdigrunnlag og våre røter i likeverd og toleransen sitt teikn.

Kong Harald sa noko viktig i sin tale:

Det er viktig å være røttene våre bevisst – og gi nye generasjoner mulighet til å forstå referansene i kulturen vår. Det handler både om historie, religiøse tradisjoner og fortellinger, myter, eventyr, musikk og billedkunst.

Som avslutning ynskjer eg å kome inn på kva som forpliktar oss som menneske i eit samfunn.

Det er vår plikt å bidra i samfunnet, å  kunne vere ein ressurs ut i frå den evna kvar og ein har og gje rom for den kreativiteten som kvart menneske har.

Denne plikta gjev moglegheit for å få eit samfunn som inkluderer alle ut i frå det ståståd kvar og ein har.

Vi er i Noreg opptatt av våre rettar. Retten til at storsamfunnet stiller opp når vi treng det. Dette er på den eine sida rett men storsamfunnet kan ikkje åleine gje moglegheit for å kunne gje menneske eit meiningsfullt liv.

Vi må trå til som enkeltmenneske.

Eg har ein draum om at vi i vårt velstandssamfunn snart kan starte å måle  lykke i noko anna enn det perfekte utstillingsvinduet.

At vi kan sjå tilbake og lære av våre filosofar som  f.eks Aristoteles som seier at nytelsen alltid er kortvarig, mens lykken er noko som utfoldar seg gjennom heile eller store deler av livet: Lykke er knytt til å ta del i livet og få utfolde sine evner til det yttarste.

Då får vi eit meir korrekt bilde av korleis av temperaturen i samfunnet er.

Med ønske om fortsatt ein flott dag og at vi i Stad kommune fortsatt kan skape gode møteplassar der alle har moglegheit for å delta på sin måte og ut i frå dei evnar kvar og ein har."