"Vi står her i dag på Grunnlovsdagen for å utrykkje vår takksemd og kjærleik til kongen og kongehuset. Kongen har vore og er framleis ein stor grunn til at Noreg har blitt som det er i dag. Dette er det lett for oss å gløyme, men det vi ikkje skal gløyme er kor flott vi har det rundt oss, og kor godt vi har det med kvarandre her i Noreg.

Vi har ein konge på 80 år, noko som dei fleste ungdommar ville kalle ein gammal mann. Men når vi ser på haldninga han har til landet og folket sitt, er det nesten vanskeleg å forstå at han er vår konge. Mange eldre du møter i Noreg i dag har sterke meiningar om innvandring og seksuell legning.  Dette er noko kongen har eit heilt anna syn på. For han er det heilt naturleg å snakke positivt om både innvandring og homofili.

Kong Harald er eit forbilde for både yngre og eldre. Måten han samlar folket på er ubeskriveleg. Kongen talar ikkje berre til nordmenn, men til alle sine landsmenn. Han inspirerer og engasjerer ungdomsflokken på mange måtar, og det han talar om i talane sine gjer det lettare for ungdommen å finne sin plass i samfunnet. Som han seier det sjølv; nordmenn er jenter som er glade i jenter og gutar som er glade i gutar, og jenter og gutar som er glade i kvarandre.

Det vi eidarar og kongen har til felles, er at vi er veldig engasjerte i det vi gjer. Det er ikkje mange plassar i landet der ungdommen er like engasjerte som her på Eid. Vi deltek på dugnadar og på festivalen vi har her kvar sommar. Ungdommar melder seg som frivillige og har veldig lyst til å hjelpe. Grunnen til dette er nok at Eid har satsa stort på kultur og frivillig arbeid dei siste åra.

Vi har gode læringsmiljø her vi bur. Dette gjeld både på skulen, i kulturskulen og i idretten. Dette har gjort slik at ungdommen kan utfordrast både fagleg, musikalsk og fysisk. Det er veldig godt tilrettelagt for oss ungdommar, slik at vi skal ha plassar både å øve og å vise fram det vi lærer og meistrar; Skulane, idrettshallar, fotballbaner og ikkje minst Gymmen og det fine Operahuset vårt. Det er stadig vekk konsertar, kampar og andre arrangement, og det står alltid støttande eidarar på sidelinja, for her i den lisje bygda vår støttar alle kvarandre!

Vi står her på Grunnlovsdagen for å gje ein stor takk til kongen og kongehuset, men og for å takke eidarar, nordmenn og landsmenn. Takk for at Noreg har blitt eit land der vi kan føle oss trygge, og takk for at Eid har vore ein så fin plass å vekse opp på!

Ja, så kvitt som det kvite er snøen på fjella, og det raude er kjærleiken vi har til kvarandre. Det blå gav sin farge til fjorden der cruiseskipa snart skal komme seglande inn. Dette er Eid og Noreg i raudt, kvitt og blått! Tusen takk for oss og gratulerer så mykje med dagen!"