"Gode eidarar og ikkje minst kjære russ

Gratulere med dagen. Ditta e ein stor dag for oss alle, den markera friheten vi har som norske statsborgera og minner oss på at mykje av det vi no tar for gitt ikkje var sånn før. Hadde det ikkje vore for grunnlova så hadde vi ikkje stått her i dag med rak rygg og sagt vi bur i Norge. Eg hadde heller ikkje stått her som Oppstryning og vert russepresident på Eid.  Noreg gjekk gjennom store endringar i 1814 og dei 112 menna som møttest på eidsvoll den 10.April for å lage ei ny grunnlov skal ha ein del av æra for det. Det er lenga sidan grunnlova no vart underskrive, men den er fortsatt aktuell. Berre sjå på alt som er komt opp angåande personvernet vårt på nettet. Vi må aldri slutte å stå for våre rettar og meiningar og det å ville gjere ting betre. Og det at vi no kjempar for det personvernet vi vil ha er og vidareføre den jobben som vart gjort i 1814.

Vi må hugse på at det samfunnet som vi leve i og korleis ting er her på Eid ikkje kjem av seg sjølv og vi må jobbe vidare med å utvikle lokalsamfunnet. Blant anna kan vi sjå på kulturlivet på Eid, heilt frå barneskulen blir det satt fokus på kultur og det har gjort til at Eid har nådd langt innan musikk i Norge. Vi har klart å sette opp ein stor festival og det er mange som har nådd langt innan ulike idrettar. Ditta viser at det er mogleg å få ting til om ein prøvar. Næringslivet her på Eid og elles i nordfjord myldrar og det må ein sørgje for at det fortsett å gjere ved å skape arbeidsplassar og gode miljø for grundervirksomhet. Vi må alle støtte kvarandre og bygge kvarandre opp slik at ein lykkast. No som Stad kommune blir verkelegheit er kysten like i nærheten, noko som byr på enda fleire nyvinningar og moglegheit for utvikling. Berre tenk på det folkens, om noken år kan vi vise verden ein skipstunell ytterst i fjorden, verdens største vikingskip her på eid og Hoven inne i Loen. Ditta er noko vi burde bygge på, alle resursane og all den kompetansen vi har her i nordfjord er unik så vi må bygge vidare på det i ilag og fremme Nordfjord. Det er sikkert mange gode politikara i området som kan hjelpe til med ditta, men eg trur eidararane skal prise seg lykkeleg av å ha ein klok og profilert ordførar som Alfred Bjørlo.

Eidarussen er samla her i dag og vi nyte vår siste dag som russ. Vi har gjort mykje kjekt i denne tida. Tidlegare i år satte vi opp ein storslått Revy «ville villa Nordfjord» der samla vi heile eidarussen og drog dei med på scena i dans og songnummer med over 60 stykk på scena. Vi fekk også sjå at Mats Andersson kan så mykje meir en å lage eit data center. Vi har arrangert festar for heile vidaregåande der folk har kunne samlast å bli kjent. 15.april heiv vi på oss buksene og masjerte gjennom eidsgata med bilar og feststemt russ. Då vart vi alle døypt på ny ved å styrte en halvliter på 30 sekund og det vi ikkje klarte fekk vi over haudet. Vi i eidarussen kan å lage til arrangemang og kose oss, vi har mange hardtarbeidande russ som sitt her og på grunn av det har vi klart å få til store ting som innsamlingsaksjonen der vi samla inn over 90 000kr til kreftforskning, revyen der vi hadde nesten 800 publikumarar og  natt til 1.Mai med nesten 400 på området. Skal eg beskrive russen og styret i år må det bli «siste liten russ». Vi lika ikkje å ha alt ferdig veldig tidleg, på revyen var manuset ferdig ei lita veke før generalprøve og på natt til første reiste eg på vors klokka halv ni på kvelden sidan vi måtta få alt klart. Vi må  gi ein stor takk til all hjelp vi har fått frå Oprahuset både Geir og Helga, malakoff ved Arnt Ivar, frivillighetssentralen og alle andre som har sponsa og hjelpt oss. Ikkje minst må vi takke alle foreldra våre som har stilt som vakte og hjelpt til gjennom russetida, det er vi veldig takknemlege for.

Vi har lært mykje etter 13 år på skulen og desse åra på Eid VGS har vore fylt med gode minner og mykje lærdom. Vi er heldige og har ein god lærarstab på skulen som har holdt ut med ein gjeng snufsete og hostande russ den siste månaden. Det er ikkje alle vaksne som får ha så mykje kontakt med ungdom som ein lærar og det kan nok tære på for ein vaksen kropp så eg vil tru dei gledar seg til sommarferie, men eg er sikker på at noken veke utan oss vil føre til at dei innser at vi ikkje var så gale allikavel. Etter i dag så skal vi gjere som rektor har fortalt oss  sidan dag en. Fokuser på skule. Russen er no veldig reduserte etter ei hard russetid og eg trur 80% av oss er blitt sjuke så no kan eg love deg Ove Bjørlo at vi er klare for eksamen! Dokke skulle kanskje tru at vi har festa ein månad til endes og laga mykje leven, men eg var nede å snakka med Lensmannen her en dag og han sa russen hadde laga for lite oppstyr, så eg reknar med det blir nedbemanning i patruljen neste år?

Årets russekull er ein utruleg kjekk gjeng og vi har hatt ei fin tid ilag, eg trur vi og kan seie at vi har oppført oss godt. Russetida handlar om vennskap og feiring, noko alle treng. Eg trur russetida får fram mange fine sider ved folk og ein legg frå seg mange sperrer som ein kanskje har elles.  No skal vi vidare etter 13års skulegong noko eg vil tru samtlige i russen gledar seg til, ka foreldrene syns er kanskje noko anna. I år er det faktisk to studieklassar, en påbyggsklasse en data og elektronikkklasse og en automasjonsklasse. Og eg kan stolt seie at eg er ein av dei få russepresidentane på Eid som ikkje er frå Eid og den einaste som går yrkesfag. Vi er eit variert kull med mange ulike interesser og eigenskapar.  Så no skal vi gå vidare i kvar vår retning. Nokon skal til Trondheim på NTNU nokon skal til Oslo nokon skal på Havet og nokon skal til England, men ta det med ro folkens, mange av oss blir igjen her heime og skal vere med å utvikle Nordfjord vidare med masse god arbeidskraft og om noken år kjem nok ein del tilbake og vil ta del i utviklinga som skjer her.

Som dokke veit har russen kontroll på pengebruken, dermed skal vi donere litt til ei god sak. Det er fort å skade seg og vi i russen er vel kanskje litt meir utsette for å trenge litt hjelp på nattestid. Vi skal ikkje sjå vekk frå at mange av russen har vert på besøk med dei både i og utanfor russetida. Desse folka kjem alltid når ein trenge dei og det vil vi at dei skal fortsette med, dermed har vi bestemt at vi i år skal donere 20 000kr til Eid legevakt.

Styret og eg har på vegne av heile russen å utnemne ein æresruss. Denne personen er det kanskje ikkje alle som kjenner veldig godt til, men det er ein person som sørgjer for at Eid er trygt om natta og at vi russ skal ha ein plass å vere. Personen har utmerka seg med sitt engasjement og lyst til at vi i russen skal ha ei kjekk russetid. Ho har støtta oss når vi har hatt møter med politi og liknande og har alltid meint at russen skal ha det kjekt og kose seg med russefeiringa. Årets æresruss går til Astrid Grete Torheim.

Til slutt vil eg ønske alle ein fin dag og god sommar. Til all russ lykke til vidare og nyt siste dagen som russ. Det har vore ei glede og lærerikt, men også eit slit å vere dokkas president.

Godtfolk , gratulere så mykje med dagen og kos dokke vidare på dinna nydelege dagen, det skal vertfall russen."