I over to år har Bilpartner Vest hatt tilhald med bilreparasjon og bilsal i Øyane i Eid. På denne tida har måseplagen auka for kvart år.

– No er det så gale at går ut over arbeidet vårt. Vi har bilar ute her på utstilling, nye bilar for sal. Men også bilar som skal inn til reparasjon står ute. Og det går ikkje mange timar før måsen har levert i frå seg såpass mykje at heile bilen er tilgrisa, seier dagleg leiar Arild Hoddevik som no har fått nok av dei ubunde gjestane som slår seg ned på taket i hekketida.

– I hekketida i mai og juni har vi rikeleg med måsar som har sine reir på taket. Og skiten leverer dei frå seg på billakken. Det fører til at lakken blir øydelagt, skiten etsar seg nemleg ned i lakken, seier Hoddevik som opplever at det blir fleire måsar for kvart år. Og no vil han gjerne bli kvitt ein stor del av dei.

Måsen er freda i rugetida og hekketida frå 28. februar til 21. august. Og skal ein jakte på måse må ein søkje kommunen om løyve.

– Eg forstår ikkje kvifor vi skal ha så mange måsar. Nokre vil verne om måsane, med dei har gjerne ikkje slike problem inn på seg til dagen, seier Hoddvik som no må vaske bilane gjerne fleire gonger for dagen.

– Det er ganske fortvilande å vaske bilen, og så skit måsen på lakken rett etterpå, seier Hoddevik som også opplever at måsen kan vere aggresiv ovanfor til dømes kundar som kjem på besøk. Ikkje minst etter at ungane er komne til verda.

Må prøve andre ting først

Det er ikkje så enkelt å få fellingsløyve på måse. Og ein må prøve ut andre metodar først, heiter det frå Miljødirektoratet. Det er nemlig slik at det er blitt færre måsar her i landet, og fiskemåken og hettemåken er raudlista.

Men problemet er at stadig fleire måsar slår seg ned i tettbygde sentrum, der dei finn både mat og hekkeplassar på flate tak.

For å få fellingsløyve må:

1. Uttaket må ikkje truge bestanden sin sjanse til overleving.

2. Alternative løysningar må ha blitt utprøvd først.

3. Skaden må ha oppstått i inneverande sesong.

4. Skaden må være av vesentlig betydning.

5. Tillatelsen gjeld i utgangspunktet berre dei individa som har gjort skade.

Måseholme i fjorden ?

Miljødirektoratet kjem også med råd om kva ein kan gjere for å avgrense plagene med måse. Ein metode er å etablere ein måseholme i fjorden. Då vil gjerne måsen slå seg ned der, i staden for å nytte seg av sentrum.

Måsar i sentrum er eit problem mange stadar, og ein årsak er lett tilgang på mat frå bossdunkar og næringsverksemd.

Andre råd for å avgrense måsar i sentrum er:

1. Avgrensing av måsen sin tilgang til taket ved å spenne opp liner over takflata. Ein avstand på en halv meter mellom linene er nok. Høgda over taket bør være min. 30 cm for å forhindre at måsane landar på taket.

2. Ferdsel på taket i etableringsperioden (fra måsane kjem  til egglegginga starter) er effektivt dersom det blir gjort fleire gongar om dagen. Stedet vil då bli vurdert som utrygt og lite eigna som hekkeplass.

3. Tilbud av alternative gode hekkeplassar i nærleiken kan lokke måsane bort.

4. I nokre tilfelle har holmar som tidligere har fungert som hekkeplass blitt forlatt på grunn av gjengroing. Rydding av slike holmar kan føre til at måsane flytter dit. Det er en forutsetning at måsane får være i fred på holmen.

5. På industriområde kan det settes opp ein stor reirplattform i utkanten av området der fuglene kan hekke uforstyrra. Plattformen bør være minst to meter høg for at fuglene skal føle seg trygge.

Kjelde:

Miljødirektoratet og Norsk ornitologisk forening.

Måsen likar seg godt på flate tak og byggjer gjerne reir der. At han brukar bilar og anna som toalett tek han heller ikkje så tungt.
Bilpartner Vest held til i dette huset, med eit stort flatt tak og plass til mange måsereir. Dei siste åra har det blitt ei aukande måseplage i mange tettstadar.