Jordskjelvet kunne merkast på Nordfjordeid. Dette er eit langt mindre skjelv enn det på 3,8 som var utanfor kysten av Møre og Romsdal 19. april i år.

Dette heiter det frå Norsar jordskjelv.

Det har vore langt større jordskjelv i Nordfjord tidlegare.

Det største var 3. juni 1955 og målte 5,2 på Richterts skala, og kunne merkast over heile Sør-Norge.

23. januar 1989 var det eit jordskjelv i Nordfjord på 5,1. Også dette kunne merkast over heile landet.

Vestlandet er eitt av dei områda i Norge som er mest usette for jordskjelv.

Største jordskjelvet i Norge fann stad i Nordland i 1819 og var på 5,8. Det kunne merkast over heile Skandinavia.

Jordskjelvet i 1819 utløyste jordras, skapte bølgjer på havet og øydela hus.

Det siste største jordskjelvet i verda skjedde i Japan i 2011, med heile 9 på Richters skala, og utløyste ein Tsunami der 16.000 menneske omkom.