Onsdag kveld blei Norges Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag samde med staten om jordbruksavtale for 2019.

– Eg meiner gjengen i forhandlingsutvalet har gjort ein god jobb, og fått gjennomslag for fleire prinsipielle sigrar, seier fylkesleiar Anders Felde i ei pressemelding, og fortel at landbruket mellom anna fekk gjennomslag for auka bruk av budsjettmidlar, og betre marknadsordningar.

– Vi har også behov for meir frukt og bær i den norske marknaden, og difor har næringa fått ein ekstra stimulans i oppgjeret.

– Vestlandet kom godt ut av dette

– Eg vil seie at dette er ein god avtale for Vestlandet. Det viktigaste for Vestlandet er at det blei innført eit nytt arealtilskot som berre gjeld for Vestlandet. I tillegg er eg glad for det nye pyramidetilskotet som kom på mjølkekyr. Tilskotet er størst på 22 mjølkekyr, seier Felde.

Ifylgje leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag vil tilskotet treffe mange av mjølkebøndene i fylket særs godt.

– I tillegg får me auka distriktstilskotet, og løyvingar til bratt areal. Noko som syner at Vestlandsbonden har vore ein av dei prioriterte i årets oppgjer. Fleire av verkemidla er retta mot geografiske områder der me slit med å halde areala i drift, og slit med inntektsutviklinga. Det syner at gjennom jordbruksforhandlingane vert det teke tak i utfordringane i Norsk landbruk.

Klarte mykje, men ikkje alt

– Sjølv om eg er godt nøgd med avtalen var det likevel skuffande at me ikkje klarte å nå inntektsmålet. Bøndene treng kronemessig lik inntektsutvikling og tetting av inntektsgapet. Det nådde me ikkje i årets forhandlingar.  Det er også utfordrande for sauenæringa at me ikkje greier å behalde pengane i næringa. Utan balanse i saueproduksjonen blir det utfordrande framover.

Felde forklarar at det er vanskeleg å tette gapet sidan marknaden er i ubalanse.

– Dette er noko me skal jobbe vidare med, slår han fast.

Gode tilbakemeldingar

– Eg  har stort sett fått gode tilbakemeldingar frå bøndene eg har prata med i Sogn og Fjordane. Det gler Felde.

– Klart det, alltid kjekt det.