–Dette er eit stort prosjekt som det har vore jobba med i over 20 år, og som no endeleg er ein realitet, sa Ketil Nord, ingeniør i avdelinga for Teknisk drift, før kranen til abonnentane vart opna.

79 millionar kroner

Totalt har anlegget som no vert sett i drift kosta 79 millionar kroner, av dette er 15 millionar kroner avløp. Når det gjeld avløp betyr det at Mogrenda kloakkreinseanlegg blir lagt ned og all kloakk går gjennom røyr til reinseanlegget ved småbåthamna på Mel.

–For å realisere den nye drikkevasskjelda har samarbeidet med Statens vegvesen vore sentralt. Kor mykje har det betydd, og kva har ein spart av anleggskostnader gjennom dette samarbeidet?

–Det er ikkje muleg å sette nokon prislapp på det, seier kommunesjef Elin Leikanger som legg til at ny drikkevasskjelde for Nordfjordeid var med å sette trykk på gang- og sykkelvegen mellom Nordfjordeid og Mogrenda.

–Dersom Eid kommune hadde starta opp med å legge ned den naudsynte infrastrukturen , ville det skapt store utfordringar om Statens vegvesen skulle ha starta med bygging av gang- og sykkelveg etter at kommunane hadde lagt ned infrastrukturen.

Reint og godt vatn

Drikkevatnet som innbyggarane no får i springen er henta frå 40 meters djupn. Vatnet har ein pH-verdi som ligg stabilt på 6,4. Vatnet som blir tappa i springen i dei tusen heimar har ein pH-verdi på 7,5.

–Får å få ein optimal pH-verdi på vatnet tilset vi vassglas, som er langt meir skånsamt enn lut som vart brukt tidlegare. Den store skilnaden frå Fossevatnet og vatn frå Hornindalsvatnet er at drikkevatnet er klorfritt, seier Ketil Nord.

Meir frå opninga av Eid sitt nye vassverk i avisa tysdag 22. mai

Eid-ordførar Alfred Bjørlo tappar dei første dråpane etter at krana vart opna. Foto: Tormod Flatebø
Onsdag 16. mai var ein stor dag, då vart kranane til Eid sitt nye vassverk opna. Frå venstre: Einar Hessevik, prosjektleiar, Thomas Bjørhovde Strand, driftsoperatør, Svein Rune Aaland, driftsoperatør, Ove Kjøllesdal, nestleiar i Teknisk- samfunnsutval, Erhard Martin, driftsoperatør, Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, Ketil Nord, ingeniør teknisk drift, Elin Leikanger, kommunesjef, Jofinn Hole, byggeleiar, og Tore Nyhammer-Taklo, driftsleiar i Eid kommune. Foto: Tormod Flatebø
Ketil Nord, ingeniør i teknisk drift treng ikkje vere uroleg om straumen går. Denne naudgeneratoren starta opp om det skulle skje. Foto: Tormod FLatebø
Prosjektleiar Einar Hessevik, Ove Kjøllesdal og Alfred Bjørlo opnar opp den store ventilen. Foto: Tormod Flatebø
Frå dette rommet blir alt overvaka. Frå venstre Einar Hessevik, Jofinn Hole og Ketil Nord. Foto: Tormod Flatebø
Svein Rune Aaland, Erhard Martin og Thomas Bjørhovde Strand er saman med Per Bøen (ikkje til stades) driftsoperatørar på Eid sitt nye vassverk. Foto: Tormod Flatebø