Sigrid er ein del av ein jaktglad familie der mora går på rypejakt medan faren og bestefaren jaktar hjort. Og det er hjortejakt også ungjenta siktar seg inn mot. Ho har heilt sidan ho var bittelita vore med på jakt i Remmedalen, men no er tida endeleg snart komen for å også sjølv bruke våpen.

Som ei nødvendig førebuing deltek Sigrid på kurs for førstegongsjegerar. Dei har hatt fleire økter med teori, og førre onsdag var det tid for praksis på skyttaranlegget på Tua.

Skyting og fellefangst

Kursdeltakarane var delte opp i tre grupper der den eine gruppa skaut med jaktrifle, ei gruppe skaut med hagle og resten hadde om fellefangst. Deltakarane bytta rundt, slik at alle fekk med seg alt.

For somme er det stor spenning knytt til skytinga, om korleis det opplevast og om ein treff ein hjort eller ein mår på ei teikning langt der borte på blinken.

Dei som har hatt teorien på kurset er Ove Bjørlo, Kristian Kjørstad, Roar Halkjelsvik og Arve Nes. I samband med den praktiske delen, var det med endå litt fleire instruktørar for å hjelpe til.

– Er litt forgubba

Ove Bjørlo fortel at det i år er ganske mange jenter med på kurset. Kring ein tredjedel av om lag 30 kursdeltakarar er jenter.

– Det er utruleg kjekt. Hjortejakta på Vestlandet er litt forgubba. Det er utruleg viktig at jegerstanden blir forynga, poengterer Bjørlo.

Kurset har vore stappfullt og omfatta 30 timar med teoriundervisning frå mars til mai med obligatorisk frammøte. Deltakarane på kurset har ein snittalder på kring 18 år. Dei to yngste er berre 14 år.

23. mai er det skriftleg offentleg eksamen. Når den er bestått, kan dei som er 16 år og eldre gå på småviltjakt åleine. For å gå på storviltjakt, må ein ha skyteprøve kvart år i tillegg, og ein må vere 18 år for å jakte åleine. Går du saman med andre som har jakta i minst fem år, kan du vere to år yngre.

Ove Bjørlo seier at haldningane til jakt og ikkje minst sikkerheit har endra seg mykje etter at det vart obligatorisk med kurs og eksamen for førstegongsjegerane. Dei unge kjem ut i jaktlaga med fersk kunnskap og fokus på sikkerheit, noko som dei gamle jegerane treng å bli minna på.

– Det er mange gamle haldningar, hadde ein tatt snittet av dei gamle jegerane hadde det nok blitt 60-70% stryk på eksamen.

Har gått seg til

Men ikkje alle helsa opplæring og skyteprøver velkomen då krava kom.

– Då det kom krav om storviltprøve, så vart det ramaskrik.

– Då det kom krav om førstegangsjegerkurs vart det også ramaskrik. Det same skjedde når det kom krav om tilgang på ettersøkshund. No når det er innført, har protestane stilna og det har gått seg til.

FØRSTEGONGSJEGERAR: Gruppa som trena med jaktrifle då Fjordabladet var innom: Tony Sollibakke frå Sunnmøre, Marius Borgund frå Eid, Maria Bortne frå Bortne i Bremanger, Markus Hjelmeland frå Eid, Tor Erling Bjørkedal (14) frå Bjørkedalen, Malene Østgård frå Måløy, Sigrid Nedreberg (blir 18 i år) frå Remmedalen og Steinar Hunvik (14) frå Stårheim. Foto: Anna Wuttudal
VIL GÅ PÅ JAKT: Malene Østgård (25) bur i Måløy. Både ho og sambuaren er med på kurset. Foto: Anna Wuttudal
BETRE HALDNINGAR: Ove Bjørlo instruerer ungdommane som deltek i opplæring. Han seier at moralen og haldningane har blitt veldig mykje betre etter at ein byrja med obligatoriske kurs. – Sjølv om dei no har kurs og består eksamen, er det viktig at det trenar mykje med både rifle og hagle fram mot jakta, for å bli gode og trygge jegerar! Foto: Anna Wuttudal