I ein alder av 76 år har ho funne eit nytt satsingsområde for å få utløp for kreativiteten sin. – Hovudet er fullt av idear, og eg må snakke hardt til meg sjølv for å bli ferdig med det eg har starta opp før eg begynner med ei ny veske, smiler ho.

Aud bur i eit lite raudt hus like ved badestranda på Lote. To gongar har elva rett ved flauma over og øydelagt.

– Det var eit helvete, fastslår ho, som trur elva kan kome igjen, men som nektar flytte frå idyllen ho har skapt seg på Lote.

– Men no har eg ikkje helse og arbeidskraft til å opparbeide hagen som var, fortel ho, som likevel ikkje er redd for elva.

I mange år dreiv ho Aud Design, og laga kle av ullfilt. Verkstaden vart øydelagt av flaumen, og ho gav opp verksemda si.

– No var det nok. Eg hadde tenkt at eg skulle halde på så lenge det var moro, og det var det ikkje lenger, fortel ho. Før no. No er firmanamnet igjen i bruk.

– Eg sat og surfa på you tube, der eg plutseleg såg ei slik veske i fletting. Dette tente eg på med ein gong, fortel ho, som no satsar på meksikansk fletting.

Gjenbruk

Gjenbruk er trend i tida, og for Aud er det naturleg å tenke gjenbruk også i veskene sine.

– Folk likar det berekraftige. No har det vore mykje i media i forhold til strandrydding, og vi har sett kvalen som døde i fjor full av plast, fortel ho. Sjølv har ho alltid vore opptatt av gjenbruk.

– Eg har ikkje eit einaste nytt møbel i stova som eg har betalt for. For meg har det alltid vore viktig å sjå meg nytte av ting, seier ho. Mellom anna er både eit skap i gangen og eit på bad tapetsert med magasinsider og lakka over.

No kjem papiravisa Fjordabladet, gamle tapetbøker og stoffpermar til nytte. Også ei oppskriftsbok med sjokolade ho har fått på Minibakereiet har blitt ei eiga veske.

Ei sann fryd

Aud målar opp og kuttar ut strimlar, brettar dei, teipar dei, flettar dei, før ho syr dei saman som veske.

– Det er ei sann fryd å drive med dette, gliser Aud. Ho konstaterer at det ligg i blodet at ho må vere kreativ.

– Det er då eg har det best, seier ho. Og veskene vert stadig oppdaga av veskeglade damer. I det siste har det tatt heilt av. Aud har mellom anna vore på bygdeutviklingsdag i Stardalen der ho selde unna, og damegrupper har vore innom Aud på Lote for å handle seg veske.

– Eg har fått ein svært gledeleg respons, seier ho.

Aud har ikkje berre fletta vesker. I gangen i det vesle huset står kassestablar med vesker i alle variasjonar og materiale. Eller kva seier du om hekla handlenett av svarte søppelsekkar eller kvitt nylontau frå Biltema.

– Plutseleg er eg i verksemd igjen, og eg er ikkje berre pensjonist, smiler ho, som har behalde namnet Aud Design.

Mange idear

Ideane er mange over korleis ho kan lage nye vesker - som å kopiere opp brev frå bestefaren med flott handskrift, eller notar frå Requiem av Mozart.

– Det er berre fantasien som set grenser for kva du kan lage som motiv på dei fletta veskene. Planen er også å lage vesker av ein gammal telefonkatalog. Men det er avispapir som er mest behageleg å arbeide med, fordi det er så tynt og mjukt. Fjordabladet er godt eigna, og eg har laga mange vesker av lokalavisa. Og det er mykje som kan gjere veskene morosame for eidarar. Det går med mykje papir til å lage ei veske, smiler ho.

Aud trur sjølv det er grenser for kor mange vesker ho kan selje lokalt i Eid.

– Ein må ut av bygda for å få opp salet, seier ho. Då ho dreiv Aud Design sist reiste ho land og strand rundt med bilen sin og som også vart innreia til å overnatte i.

– Dette sparte meg for mykje pengar, fortel ho.

– Det blir aldri det same igjen, sjølv om eg no ar funne ny nisje. Men eg vil delt på ein del messer rundt om, fortel Aud.

Ny messe

Aud Hjelle var initiativtakar til handverksmessa Valkyrier, som samla kvinnelege handverkarar i Valhall i 2012 og 2013.

– Meininga var at det skulle bli ei årleg messe, og det vart ein kjempesuksess, fortel ho.

No planlegg ho ny messe.

– Det vert i oktober i Valhall, om ikkje Gud vil det annleis, smiler ho, som veit at mange har etterspurt ny messe.

– Det er ei fryd å gjere dette, smiler Aud Hjelle, som storkosar seg ved arbeidsbenken med flott utsikt over Lotestranda. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Skjærebrettet er godt å ha når strimlar på strimlar med papir skal kuttast for å brukast til fletting av vesker. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Aud Hjelle er opptatt av å sjå nytte av ting på ein ny måte, og ingen av møblane i stova er kjøpt nye.
Idyllisk: To gongar har elva øydelagt området rundt den vesle raude huset til Aud Hjelle, men ho nektar å flytte. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes