Fristen for å kome til semje i tarifforhandlingane mellom arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter og Norsk Journalistlag NRK, gjekk ut ved midnatt måndag 14. mai. Partane, Spekter og Norsk Journalistlag, forhandla mange timar på overtid, men greidde ikkje å bli einige.

Det var like før klokka 12 i dag at Riksmeklar Torkjel Nesheim måtte kaste korta fordi avstanden mellom partane var for stor.

Ikkje reelle forhandlingar

– Det har ikkje vore reelle forhandlingar. Vi opplever at NRK ikkje har rikka seg ein tomme gjennom meklinga. NRK Misbrukar frontfagsmodellen og nyttar denne som ei absolutt grense, i eit forsøk på å kneble dei frie forhandlingane. Dette er eit forhandlingsklima vi ikkje kan godta, seier leiar i Norsk Journalistlag NRK, Richard Aune til nrk.no.

Spekter: Beklageleg

- Det er beklageleg at Norsk Journalistlag vel å råke publikums TV,-radio- og nettilbod med å streike. Alle ansvarlege partar i arbeidslivet er einige om at lønnsoppgjera skal gjennomførast i tråd med norma frå frontfaget, men dessverre deler ikkje Norsk Journalistlag denne oppfatninga, seier Anne-Kari Bratten administrerande direktør i Spekter i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane

Journaliststreiken i NRK betyr at det ikkje vert radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane, og i liten grad oppdateringa på nett. Dette opplyser NRK Sogn og Fjordane på si nettside.