Det er no ein månad sidan arbeidet med ny veg på Ytre Skårhaug starta opp, dei yste 200 meter før krysset mot riksveg 15. Det betyr at bebuarane langs vegen Ytre Skårhaug må køyre innover mot Eid, der det er eit svært farleg vegkryss på Skårhaugsneset. Under vegarbeidet vel difor dei fleste å køyre på den 200 meter lange gangvegen mot aust, på grunn av tryggleiken. Då kan dei nytte eit tryggare vegkryss der.

Må køyre ulovleg

Kjetil Sætre bur på Ytre Skårhaug, og er ein av dei som no kjenner seg tvinga til å nytte gangvegen ulovleg. Han fryktar både bot og at det skal skje ulukker.

– Eg tykkjer det er rart at Eid kommune ikkje har ordna med lovleg køyring på gangvegen, når vegen mot vest har vore stengt i alle fall ein månad, seier Sætre som no kjenner seg lite lovlydig kvar gong har skal ut på riksveg 15.

– Krysset på Skårhaugsneset er neste utan sikt mot vest, og eg tek ikkje sjansen på å køyre ut på riksvegen der. Då er det ikkje anna løysing enn å køyre ulovleg på gangvegen. Men vi fryktar også at politiet skal dukke opp for å bøtleggje oss. Då kan det fort bli til at fleire heller vel å køyre det farlege krysset. Eg fryktar då ei alvorleg ulukke innan kort tid, seier Sætre som sjølv no har vore i kontakt med Eid kommune, og håpar på ei snarleg løysing.

Rekk ikkje alle oppgåver

– Det er kapasitetsproblem på teknisk avdeling som gjer til at vi ikkje har fått ordna lovleg køyring på gangvegen enno, seier avdelingsingeniør i Eid kommune, Dag Petter Leite. Han lovar no likevel at dette skal kome i orden, kanskje allereie denne veka.

– Vi held no på med å utarbeide ein arbeidsvarslingsplan og gjennomføre ei risikovurdering. Dette skal godkjennast av Statens vegvesen før vi kan opne opp for køyring, seier Leite som understrekar at det då blir køyring berre ein veg, mot aust, og i gangfart.

– Det er alltid fare i samband med å sleppe trafikk ut på ein gangveg, så vi må også ta omsyn til dei gåande, seier Leite.

For rundt tre år sidan søkte også Eid kommune om å få stenge krysset ved Skårhaugsneset for køyring ut på riksvegen. Men enno har ikkje Statens vegvesen teke stilling til dette.