For å kunne vurdere om pålegget er oppfylt, må Arbeidstilsynet innan fristen ha fått kopi av plan for gjennomføring av tiltak, medrekna ventilasjon, med beskriving av tiltak og frist for gjennomføring. Det må i planen gå fram kva tiltak som skal gjennomførast for rein og urein sone i garderobar med dusj og vaskemogelegheiter på brannstasjonen. Plan for installasjon av ventilasjon skal innehalde beskriving av kva slags ventilasjon som vil bli planlagt og installert, mellom anna mekanisk ventilasjon og avsug ved forureinande prosessar for å hindre eksponering.

Dersom bindande planar ikkje er oppfylt innan 1. juli. 2018, vurderer Arbeidstilsynet å krevje inn tvangsmulkt på 2.000 kroner per virkedag.

I brevet står det at kommunen fekk utsett frist for å kome med tilbakemelding til 24. april i år, men Arbeidstilsynet har ikkje fått tilbakemelding om at pålegget er oppfylt.

Kommunen har no fått ein skriftleg frist til å kome med kommentarar innan 22. mai.

Må gjennomføre tiltak

Arbeidstilsynet har motteke dokumentasjon som viser at det er gjennomført kartlegging og risikovurdering av kjemisk helsefare i ulike eksponeringssituasjonar for brannfolk og feiar, og det er utarbeidd planar for tiltak basert på kartlagt risiko. Her ser Arbeidstilsynet at det er gjort eit grundig arbeid, utført i samarbeid med bedriftshelsetenesta. Det er spesielt viktig å raskt setje i verk tiltak der kartlagt risiko er størst då fleire område kjem ut som raudt, høg risiko.

Arbeidstilsynet skriv at når det gjeld handlingsplan for feiartenesta ser dei at alle tiltaka er utført, medan fleire av tiltaka som gjeld brannvesenet har lengre tidsfristar. Arbeidstilsynet påpeikar at verksemda må gjennomføre alle tiltaka som er oppført i handlingsplanen til Eid kommune brannvesenet. Dette gjeld også bygningsmessige tiltak som ombygging, eventuelt nye lokale.

Siste frist for at dei naudsynte tiltaka skal vere gjennomførte er i brev om vedtak om pålegg sett til 31.12.2018.

Bakgrunnen er tilsyn gjennomført 29.03.2017

Kan stanse aktivitet

Viss ikkje pålegg er oppfylt innan fastsette fristar, kan Arbedstilsynet gje tvangsmulkt. Tvangsmulkt vil seie at de må betale eit fastsatt beløp for kvar dag eller kvar veke fram til de har oppfylt pålegget, eller at ein må betale eit eingongsbeløp. Arbeidstilsynet kan også heilt eller delvis stanse aktivitetane i verksemda til kommunen har oppfylt pålegget.

Arbeidsgivaren skal gjennomføre tiltak for å fjerne eller redusere helserisiko som er forårsaka av kjemikaliar og forureiningar i arbeidsmiljøet på den enkelte arbeidsplassen. Verneombodet / ein representant for dei tilsette skal medverke.

Det er arbeidsgivar som skal sørgje for at reglane i arbeidsmiljølova og forskriftene blir gjennomført.

I samsvar med arbeidsmiljølova skal arbeidsgivar sørgje for å kartlegge farar og problem og på bakgrunn av dette vurdere risikoforholda i verksemda, utarbeide planar og setje iverk tiltak for å redusere risikoen.