Rapporten viser også at sjølv med ny E39 i indre Nordfjord reknar ein med at trafikken over fjorden med bru mellom Lote-Anda vil verte meir enn dobla i 2030.

No er det dokumentert at Nordfjordbrua er eit prosjekt som står på eigne bein, fastslår styreleiar og Eid-ordførar Alfred Bjørlo. Vi er samd med han. Vi trur at Nordfjordbrua vil gi eit potensial for vekst og utvikling.

Sjølv om det i dag er auka opp med to ferjer som trafikkerer strekninga, og at du kjem deg over fjorden kvart tjuande minutt, er det ei kjent sak at ei ferje ligg der som ei sperre. Med ei bru trur vi at endå fleire ser det som interessant å ta seg jobb utanfor der ein sjølv bur. Ei bru vil utvide bu- og arbeidsmarknadsregionen, og det vil verte lettare med ein svipptur til nabokommunen i forhold til i dag. Vi har også trua på at generelt fleire vil reise, fordi brua innbyr til det.

For Eid og Gloppen vil ei bru gi utslag i positiv konkurranse i forhold til handel, arbeidsplassar og busetting, då innbyggjarane får større fleksibilitet med tanke på bustad, arbeid og fritid. Effektane av ei bru ligg der, og Eid og Gloppen vil saman bli eit nytt tyngdepunkt i regionen, og som har mindre enn 20 minutt reisetid mellom tettstadane Nordfjordeid og Sandane.

Det er også svært interessant at ei Nordfjordbru gjer at ytre Nordfjord og søre Sunnmøre får ein heilt ny og raskare samband mot E39 og Førde/Sogndal/Hemsedalsfjellet. Vi trur at ei Nordfjordbru vil gi regionen eit positivt løft.