Lovar magisk stemning på Hoven

Fjording inviterer til «Take-off-fest» på Hoven Restaurant i Loen laurdag 2.juni med framstormande Nordfjord-artistar som underhaldning.

Laurdag 2. juni inviterer Øyvind Løkling, gründer og mannen bak selskapet Fjording som nyleg lanserte den første norskproduserte kremlikøren gjennom tidene, til «Take-off-fest» på Hoven. Janne Endal Andersson har hjelpt Løkling til med arrangementet.   Foto: Privat

Nyhende

–Det blir garantert magisk stemning til fjells, seier gründer og arrangør Øyvind Løkling

Fjording er selskapet som nyleg lanserte den første norskproduserte kremlikøren gjennom tidene. Ein kremlikør basert på norsk potetsprit og med smak av karamell og hasselnøtt. Produsert på Sandane i Nordfjord.

Gode tilbakemeldingar

Gründer Øyvind Løkling klarte ikkje å slå seg til ro med at ingen greip tak i denne drikkevarekategorien - og bestemte seg for å gjennomføre det sjølv. Etter to månader med godt sal og gledelege tilbakemeldingar frå hotell- og restaurantmarknaden i Oslo og på Nordvestlandet, fekk Løkling lyst til å markere at hans «Dream of Nordic Cream» går i oppfylling.

15 års draum

–Ideen, eller draumen, om Fjording kremlikør har eg hatt i 15 år. Tilbakemeldingane frå kundane våre har vore så gode no i starten at eg tenkjer det er på sin plass å kline til med ein skikkeleg fest. Og kva kan vel vere betre lokasjon for ei Fjording-feiring enn på Hoven?

–Alle som vil er velkomne til å delta på festen. Vi set opp busstransport frå og til Nordfjordeid og Stryn denne kvelden. Så om nokon vurderer eit Hoven-besøk, og samstundes ønskjer seg ein kveld med mykje god kvalitetsmusikk frå dei dyktige Nordfjord-artistane Jackbow, Alex Grey, samt ein rågod DJ, så er dette kvelden, seier Fjording gründeren.

Om artistane:

• JACKBOW - Nominert til Draumestipend 2018, Årets Musikkpris 2018 og skal spele på Malakoff 20. juli. Energisk musikk, ungdommeleg pågangsmot.

• ALEKS GREY - Har spelt på Manchester City si heimebane (ikkje med ball), Malakoff, studert ved LIPA, er vinnar av Furorestipend 2018 og nominert til Musikkprisen 2018. Fengande poprock, ute med ny låt «Let go».

• Rågod DJ frå Nordfjord - overrasking!

Om Fjording:

* Etablert i Oslo i 2017

* Gründer er Øyvind Løkling (38) frå Nordfjordeid

* Produksjonspartnar er Gardsbrenneriet på Sandane

* Fjording Nordic Cream blir lansert på Vinmonopolet 6. juli 2018