Fungerer demokratiet for alle?

Ei undersøking FFO har gjennomført viser at mange rørsle- og funksjonshemma ikkje får stemt eller deltatt i politikken på lik linje med andre.

- Dette er reelle problemstillingar i våre organisasjonar, og mange oppfattar utfordringar knytt til å delta i demokratiet som svært viktig, sier Berit Therese Larsen, fagpolitisk leiar i FFO.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Undersøkinga er gjennomført blant medlemsorganisasjonane i FFO. Den viser at mange opplever feil og manglar når dei ønskjer å delta i det politiske liv.

Mange fortel om dårleg tilrettelagde lokale og møtesituasjonar som gjer at det er vanskeleg for personer med nedsett rørslefunksjon  å følgje sakene.

Reelle problemstillingar

–Dette er reelle problemstillingar i våre organisasjonar, og mange oppfattar utfordringar knytt til å delta i demokratiet som svært viktig, seier fagpolitisk leiar Berit Therese Larsen.

–Nesten alle svara vi fikk handlar om manglande tilrettelegging. Det kan vere lokale som ikkje har nødvendig teknisk utstyr eller lange møte utan pausar som gjer at det er vanskeleg for personer med funksjonsnedsetting å følgje med i møta.

- At ein ikkje legg til rette, eller kjenner til korleis ein skal legge til rette, fører til at ei stor gruppe menneske blir utestengt, meir eller mindre systematisk, seier Larsen.

Hørselshemma

Frå Hørselshemmedes Landsforbund (HLF) kjem det fram at i overkant av 80 kommunestyresalar ikkje har høgtalarar og 150 manglar teleslynge. Dette gjer det svært problematisk for personer med nedsett hørsel å kunne følgje møtet.

–Då blir det svært vanskelig for hørselshemma å henge med, både for vedkomande sjølv, men også for skrivetolkane, seier Hildegunn Fallang i HLF.

I undersøkinga kjem det frem at:     

- Nesten alle organisasjonar som svarte har erfart at medlemmer opplever manglande tilrettelegging for å kunne ta på seg verv eller sitte i råd og utval (80 prosent)

- Fem enkeltpersoner fortel eigne historier om manglande tilrettelegging (100 prosent % av enkeltpersonar som svarte)