Rapporten tek utgangspunkt i ein byggeperiode på tre år frå 2027 og med opning av brua i 2030.

Som eit konservativt estimat har ein valt 3000 i ÅDT som basis for finansieringsberegning, det inneber ny E39 i indre.

Det vert lagt til grunn ein innkrevjingsperiode for bompengar på 20 år og same nedbetalingstid, frå 2030 til 2049.

Rentenivå er sett til 5,5 prosent

Ferjeavløysingsmidlar

For å synleggjere eit mogeleg nivå på ferjeavløysingsmidlar, og kva effekt dette har på eit finansieringspotensial, har ein lagt til grunn som basis 20 mill. 2017-kroner over bompengeperioden.

Det vert understreka at bidrag frå ferjeavløysingsmidlar inn som finansieringskjelde til Nordfjordbrua, er uavklart. Dette er i stor grad politisk bestemt, og vil erfaringsmessig variere. Endelege føresetnader for dette har ein ikkje i dag, og avklaring om omfang av slike midlar må Nordfjordbrua AS jobbe vidare med i prosessen med realisering av prosjektet.

Bompengar

Som basis for analysen er det lagt til grunn ein gjennomsnittstakst for bompengar på 105,60 kroner, som er høvesvis 80 kroner og 240 kroner for lett og tung bil. Andel tunge bilar er sett til 16 prosent.

Berekningane viser at innbetalte bompengar og ferjeavløysingsmidlar saman med eventuelle offentlege og private midlar kan bidra til å finansiere eit spenn i ein anleggskostnad på mellom 2 400–3 700 mill. kroner for Nordfjordbrua.

Sterk trafikkauke

Rapporten viser at realisering av Nordfjordbrua har i seg eit stort potensial for lokal og regional utvikling, og veksten i trafikk ligg som ein effekt av dette.

Av rapporten går det fram at opp mot ein tredobling av dagens trafikk på ferjesambandet Anda-Lote kan vere realistisk, men for at dette nivået skal nåast, må regionen vere seg bevisst si rolle som tilretteleggar for utvikling og vekst.

I rapporten vert det gitt inntrykk av at gitt eit trafikkgrunnlag på mellom 3000 og 4000–4500 ÅDT fram i tid, er det eit solid finansieringsgrunnlag til stades for bygging av Nordfjordbrua. Ein legg til grunn at finansiering skjer gjennom bompengar, ferjeavløysningsmidlar og eventuelle andre offentlege/private midlar. Resultatet frå rapporten skal inngå som eit grunnlag for vidare arbeid med realisering av Nordfjordbrua.

Trafikkgrunnlag

Utan bru Lote-Anda, men med 20 minutts ferjeavgangar som i dag, reknar ein med ein trafikkauke frå dagens ÅDT på 1400 opp til 2000 i 2030.

Med Nordfjordbrua realisert viser utrekningane ÅDT på 4000–4500 i 2030.

En framtidig situasjon der også ny E39 i indre linje mellom Byrkjelo og Grodås blir realisert, reduserer trafikkgrunnlaget for Nordfjordbrua. Dersom ein inkluderer ny E39 i indre linje, fell trafikken over Nordfjordbrua med rundt 30 prosent til kring 3000. Men sjølv med ny E39 i indre Nordfjord reknar ein altså med at trafikken over fjorden med bru mellom Lote og Anda vil verte meir enn dobla i 2030.

Om bompengar

Trafikktal for brua er rekna utan bompengar, samstundes som ein legg dei same trafikktala til grunn i utrekningane av finansiering som inkluderer bompengar.

I rapporten vert det mellom anna peika på at erfaringar frå liknande tiltak tilseier at bompengeeffekten ofte er relativt kortvarig og for svært mange samanliknbare tiltak låg.

Tidsgevinsten og det positive med å ha ein føreseieleg og attraktiv veg, veg opp for kostnaden. Samfunnet og brukarane verdset tida høgt, både når det gjeld i arbeid, til og frå arbeid, og i aukande grad på fritida.

Ein har også sett at der ein har vore vand til å bruke og betale for ferje, er betalingsviljen for bompengar høgare enn om ein ikkje har hatt ferje tidlegare. Avvisninga på grunn av bompengar er erfaringsmessig ikkje så høg som det som er føresett i trafikkmodellar.

– Å vurdere korleis bompengar påverkar trafikkmengd kan eventuelt vere eitt av fleire steg i det vidare arbeidet, heiter det i rapporten som Norconsult har utarbeidd på oppdrag frå Nordfjordbrua AS.

Som i grunnlag for NTP

Beregningsforutsetningene som er lagt til grunn er i tråd med dei føresetnader som Statens vegvesen bruker i sine eigne vurderingar. Dette gjeld mellom anna framtidig folketalsvekst og tiltak som ligg til grunn for nullalternativet.

År 2030 er nytta som utrekningsår for trafikk. Dette er også brukt i grunnlaget til Nasjonal transportplan (NTP 2018-2029).

Modellutrekningar er gjort utan å ta omsyn til eventuelle bompengar eller endringar i kollektivtilbodet. Dette samsvarar med det som er gjort i grunnlag for NTP 2018–2029.

Mange hadde møtt fram for å bli oppdatert om arbeidet med å få realisert Nordfjordbrua. Foto: Anna Wuttudal
REDUSERT: Dersom ein inkluderer ny E39 i indre linje, fell trafikken over Nordfjordbrua med rundt 30 prosent. Foto: Norconsult Frå brurapport