Meteorologane snur:

– Flott 17.mai-vêr i store deler av landet

Siste langstidsvarsel gir likevel håp om bra 17. mai-vær. – Prognosen er rundt 80 prosent sikker, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid til yr.no.

– Det blir veldig mykje bra 17. mai-vêr, om enn litt kaldt. Det blir berre det sentrale austlandsområdet og Aust-Finnmark som får regn, , seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid til yr.no.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Først vart det meldt opphaldsvêr i heile landet, så nedbør overalt, bortsett frå lengst nord. No ligg det føre eit nytt og endå meir påliteleg vêrvarsel for nasjonaldagen, og denne gongen er det godt nytt for mange:

– Det blir veldig mykje bra vêr, om enn litt kaldt. Det blir berre det sentrale austlandsområdet og Aust-Finnmark som får regn. I resten av landet ser det ut til å bli flott bunadsvær, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vêrvarslinga for Vestlandet til yr.no.

Vêrvinnarane blir Vestlandet, Midt-Norge og Nordland, der det blir fint og tørt vêr med gode moglegheiter for sol.

Kan bli kuling på kysten

Temperaturane er venta å ligge mellom ti og femten grader på Austlandet og Sørlandet, ti-tolv på Vestlandet og i Midt-Norge og sju til ti grader i Nord-Norge. Årsaka til den låge temperaturen langs kysten er nordvestleg vind som kan komme opp i frisk bris eller liten kuling utsette stader.

I indre strøk på Vestlandet, der nordvesten ikkje kjem til, f.eks. Hardanger og Voss, kan temperaturen med litt flaks komme helt opp i 20 grader.

– Vi får være glad på de bunadskledde sine vegne. Det er ganske krevjande å gå i bunad når termometeret kryp over 20 grader, seier meteorologen.