Bjørlo er veldig glad for at ein no har fått ein rapport som så tydeleg dokumenterer potensialet for vekst og utvikling for Nordfjordbrua.

– Rapporten synleggjer dei store effektane det er av å byggje bru, uavhengig av bru i indre eller ikkje. At Nordfjordbrua er eit prosjekt som står på eigne bein har vore viktig for oss å dokumentere, seier styreleiaren.

– Trur du det er realistisk at Nordfjordbrua står ferdig i 2030?

– Ja, eg tenkjer det. Eg trur 2030 er eit realistisk mål for å kunne få brua på plass. Ferjeanbodet går til 2027–2028.

Bruprosjektering neste steg

No når potensialet for framtidig trafikk og finansieringspotensial er på plass, ser Bjørlo det som naturleg å ta eit steg vidare i retning av tekniske forprosjekt for brua, slik at ein får ei eller fleire meir handfaste løysingar for brua. Bjørlo ser føre seg at ein går ut med ein type anbod og utfordrar miljø som kan grovprosjektere ei bru.