Plukka ut til å danse på sommarskule i ballett

Tuva Nyhammer–Taklo er ein av 50 som har fått plass ved Den Norske Opera og Ballett sin sommarskule.

Tuva Nyhammer-Taklo har fått plass ved sommarskulen i Oslo. 

Nyhende

Totalt var det 80 søkjarar frå heile landet, der 50 blei plukka ut på bakgrunn av opptaksdans. Sommarskulen blir arrangert siste veka i juni. Dei som er blitt plukka ut kjem i hovudsak frå stadar utanom Oslo. Det er første gang operaen i Oslo arrangerer sommarskule i ballett, og intensjonen er å få gje eit tilbod til dei som ikkje bur i Oslo.

– Vi vil gjerne fange opp unge talent som ikkje har mulighet til å delta på vår ballettskule her i Oslo. Det handlar om at unge rundt om i landet skal få eit tilbod, seier Knut Breder, sjef ved ballettskulen ved Den Norske Opera og ballett.

– For oss er også dette ein måte å plukke opp unge talent som vi ikkje ser i vårt daglege arbeid med ballettskulen i Oslo, seier Breder. Tuva Nyhammer-Taklo er til dagleg hospitant ved Den Norske Opera og Ballett i Oslo. Dei som skal undervise under sommarskulen er i hovudsak dansarar frå Nasjonalballetten. Tema blir klassisk ballett, moderne ballett og soloarbeid.