Holmavika Hamnelag

Opna sitt eige lagshus i Selje

Holmevika hamnelag i Selje har 86 medlemmer. No har dei fått sitt eige lagshus i hamna, som nyleg er blitt opna.

Etter eitt år med arbeid kunne Holmavika hamnelag i Selje opne sitt eige lagshus med snorklipping førre laurdag.   Foto: Privat

Ved opninga var det både stormsuppe og kaffi med kaker. 

Hytteigar Odd-Arne Brekke frå Eid er medlem av laget og har bidrege med møblar til lagshuset. 

Mange deltok på opninga førre laurdag. 

Holmevika hamnelag gler seg over sitt eige lagshus, og vil forsøke å ha faste opningstider, i tillegg til andre arrangement. 

Ved lagshuset er det også mulig å vere ute ein finvêrsdag. 

Nyhende

Nøyaktig eitt år etter byggjestart i mai 2017 står Holmavika hamnelag sitt lagshus i Selje ferdig. Opninga var laurdag 5. mai med snorklipping, stormsuppe, kaffi og kaker, samt hyggjeleg samver. Og dei 60 frammøtte til opninga gav tydeleg uttrykk for begeistring for det flotte huset. Primus motor for å få realisert huset har vore Terje Edvardsen. Holmavika er ein hamn i Selje som blei opna for 20 år sidan. Odd-Arne Brekke frå Eid har hytte i Selje, er medlem av hamnelaget og har bidrege med atten stolar og seks bord til lagshuset. Elles har dei fått både sofagruppe og gardiner av privatpersonar.