Jentehelg med fiskefokus

Sist helg var jenter frå Eid, Stryn, Gloppen, Førde og Luster sine jakt- og fiskelag samla til flugefiskekurs og fiske i Jølstravatnet.

Frå venstre ståande: Ann-Kristin Gaare, Aslaug Hjartholm Frivik, Torunn Rygg, Anne Marte Dale, Randi Alsaker, Ingeborg Brit Ravnestad. Framme frå venstre: Marte Bergum Hansen og Wenche Henden.   Foto: Atle Henning Lunde

Samling rundt bordet på Lunde turiststasjon i Kjøsnesfjorden.   Foto: Reidun Seim

Frå venstre: Wenche Henden (kvinnekontakt og leiar i jenteutvalet i fylkeslaget og frå Stryn og Hornindal jspfl), Ingeborg Brit Dale (Gloppen jfl) og Randi Alsaker (jenteutvalet i fylkeslaget og frå Stryn og Hornindal.   Foto: Ann-Kristin Gaare

Nyhende

Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) Sogn og Fjordane ved jenteutvalet arrangerer ei samling i året. Denne gongen var samlinga på Lunde turiststasjon i Kjøsnesfjorden.

Vi var jenter i alle alder og med felles interesser innan jakt på storvilt og småvilt, fellefangst på mår, bever, åtejakt på rev, sjø- og ferskvassfiske, laksefiske og endå meir.

Fokus på samlingane våre er å: lære av kvarandre, inspirere kvarandre og å dele erfaringar. I tillegg har vi det løje, og historier vert fortalde.

Kjekt å vere ei så stor gruppe og at fleire unge ivrige deltok på samlinga.

Mange meter garn

Vi trekte mange meter med garn på Jølstravatnet og fekk godt med fisk.

Størrelsen varierte, men mest kring 300–400 gram. Vi tilberedte eit felles måltid der «aburøyk» vart introdusert til gruppa. Aburøyken passar til både kjøt og fisk, er enkel å bruke og gir ein svært god fersk varmrøykt vare.

I år hadde vi ein av norges beste flugekastarar som kursleiar i kunsten å kaste med fluge. Han starta med «tørrkurs» først Deretter fekk vi prøvd oss i Jølstravatnet, som vart ei ekstra utfordring i motvind, og der var fisk.

Fleire samlingar

Det vert truleg tilbydd ei samling til i år, med flugefiske/ stongfiske i fjellvatn.

Har nokon jenter/ damer der ute interesse av slikt. så ta gjerne kontakt med eit lokalt jakt- og fiskelag i kommunen din eller med NJFF Sogn og Fjordane.

Det er fleire og fleire jenter som jaktar og fiskar. I dag står rundt 10 prosent av befolkninga i jegerregisteret, det er over 500.000 personar. 14 prosent av desse er kvinner. For 15 år sidan var prosentandelen kvinner 8 prosent. Ser vi på aldersfordelinga ser det lyst ut, kvinneandelen er størst blant dei yngre aldersgruppene, og blant dei som bestod jegerprøva i 2017 var heile 29,1 prosent kvinner. I 2018 har nokre av dei lokale jakt- og fiskelaga hatt nær 50 prosent jenter på jegerprøvekurs! Mange av dei lokale jakt- og fiskelaga har eigne aktivitetar for jenter, som skytekveldar og fisketurar, noko som kan vere ein fin inngangsport til jakt, fiske og friluftsliv.