Cirkus Agora med flott framsyning

To timar med sirkusmagi

– Gratulerer med sirkusmagi. Ei fantastisk forestilling på heimebane. Vi er ufatteleg stolte av deg. Det sa Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) då han takka og overrekte blomar til sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal etter framsyninga på Nordfjordeid i dag.

Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal fekk velfortente blomar frå Eid-ordførar Alfred Bjørlo.  

Nyhende

Ordføraren røpa at eitt av hans sterkaste barndomsminne er nettopp frå den gongen då han som 11-12- åring fekk sjå Jan Ketil Smørdal opptre i Cirkus Merano. Og 35 år seinare er Smørdal framleis aktiv i manesjen, med eitt av dei to gjenverande sirkusa her i landet.

Der var i dag god plass til fleire på tribunane, men at det ikkje var fullt hus la på ingen måte nokon dempar på showet. Og sirkusdirektøren sjølv, han skuffa ikkje. Framleis imponerer han stort med litt av sine gamle kunstar, til stor jubel frå publikum når skeia er på plass.

Stemninga var på topp gjennom heile framsyninga, og både store og små hadde ei kjekk stund med spektakulære og ikkje minst mange morosame innslag.

– La kvar dag blir ein sirkusdag, det er oppfordringa frå sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal. Det er snart 30 år sidan Cirkus Agora vart starta opp, og neste år er han tilbake med jubileumsframsyning.