17. mai – ein festdag for alle

Hovudstopp ved Hogatunet

17. mai på Nordfjordeid skal arrangerast på tradisjonelt vis, men arrangørane opplyser at det vert nokre endringar i ruta for barnetoget.

ENDRA RUTE: Årets 17. mai-nemnd har endra ruta litt for at dei eldre skal få ta meir del i feiringa. Frå venstre på verandaen på Hogatunet: Programleiar Marit Dyrstad, økonomiansvarleg Cathrin Nord, leiar i flaggkomiteen Stine Hopland, koordinator Christine Tellevik og leiar i 17. mai-nemnda, Magnar Aase.   Foto: Anna Wuttudal

NYE STENGER: Med nye stenger blir det lettare å bere flagg i flaggborga i år.  Foto: Anna Wuttudal

KJEKT ARBEID: – Det er ein god del arbeid, men det har vore veldig kjekt å vere med 17. mai-nemnda. Det seier ein munter gjeng som har leia an i arbeidet med årets feiring på Nordfjordeid.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det er lang tradisjon for at helsingstalen i samband med barnetoget blir halden ved Nordfjord sjukehus, men i år har ein endra på dette. Ein tek i staden det lengste stoppet med tale og songar ved Hogatunet bu- og behandlingssenter, fordi det er i dette området mange av dei eldre på Nordfjordeid bur. I tillegg til alle pasientane på institusjonen, har ein både eldretunet og andre omsorgsbustader like i nærleiken.

Den nye sjukeheimen har fine verandaer vendt ut mot den opne plassen, og alt ligg til rette for at mange pasientar, tilsette og pårørande skal få ta del i feiringa av nasjonaldagen.

Ved Hogatunet blir det helsingstale ved Liv Stokkenes Jacobsen. Korpsa spelar «Fagert er landet», «Norge i raudt, kvitt» og blått» og «Ja vi elskar», og alle syng med.

Håper på livleg feiring

Barnetoget går vidare til Eid eldretun der det vert stopp og ein song, før toget går vidare over Smalebrua, Prestemarka og til Nordfjord sjukehus der det blir spelt og sunge to songar. Siste etappe går frå sjukehuset og ned til Eid kyrkje der det er familiegudsteneste når toget har kome fram, om lag klokka 11.30.

Arrangørane håper på ei flott feiring med ei god blanding av høgtidsame nasjonalsongar, fengande korpsmusikk, livleg russ og hurrarop i toget.

Start ved ungdomsskulen

Barnetoget skal i år som tidlegare gå frå Skulevegen, men med oppstilling litt lengre mot vest, ved Eid ungdomsskule. I front går flaggborga og 17. mai-nemnda. Så langt har dei fått 13 personar til å bere flagg, mellom andre fem flyktningar som har teke på seg å bidra. Leiar i flaggkomiteen Stine Hopland fortel at det har vore ganske vanskeleg å få folk til å stille opp, men at dei satsar på å få med tre til, slik at dei blir fulltalige med 16 store flagg i flaggborga.

I front med fane går leiaren i 17. mai-nemnda, Magnar Aase, som lovar å halde eit fint marsjtempo.

Det har vore eit problem at dei store flagga er tunge å bere på, og årets 17. mai-nemnd har difor teke grep og har fått hjelp av elevar som går andre året på industriteknologi ved Eid vgs. til å lage nye stenger. Stengene skal ein tur inn til Stryn for lakkering, men vonleg er dei på plass til den store dagen.

Hovudtalar frå Selje

Dagen startar som vanleg med salutt og revelje klokka sju og vert avslutta med tappenstrek og flaggfiring. Folketoget går som vanleg frå Almenningen gjennom Eidsgata tilbake Lotevegen til Plassen/Amfiet der det blir program. Dagens hovudtalar er Selje-ordførar Stein Robert Osdal.

10.-klasseelevane Sara Torheim Frislid og Anna Karoline Dahl Vikbakk skal tale for Kongen, og russepresident Ingar Hjelle held russetale.

17. mai-nemnda har fått nokre 7.-klassingar til å hjelpe til med barneleikar, og det er gratis kino i Operahuset.

Nemnda støttar opp om forbodet mot heliumballongar, og håper at folk respekterer dette.

Etablerer rutinar

Det er 35- og 55-åringar som utgjer årets 17. mai-nemnd. Dette er ikkje så store årskull, men oppmøtet var det dei karakteriserer som bra, i alle fall nok til at dei fekk sett ned komitear til å ta hand om program og sponsorar, pynting, kiosk, barneleikar, flagg og ikkje minst koordinering, å sy det heile saman på ein god måte. No er det aller meste på plass, og årets nemnd tek også mål av seg til å lage ein mal med rutinar for å lette overgangen til 2019 og arbeidet for neste års 17. mai-nemnd. Kan hende bør ein også vurdere å ha fleire enn to årskull å spele på.

– Du må få med at det er veldig kjekt å vere med i 17. mai-nemnda, seier Christine Tellevik og får bifallande støtte frå dei andre.

– Og så må du få med stor takk til sponsorane, legg Magnar Aase til.