– Bli oppdatert om Nordfjordbrua

STYRELEIAR: Alfred Bjørlo er styreleiar i Nordfjordbrua AS.  Foto: Anna Wuttudal

FOR ALLE: Politikarar, næringsliv og alle andre med interesse for brua er velkomne til møtet. FOTO/Illustrasjon: NORDWEST3D/LMG Marin  Foto: NORDWEST3D/LMG Marin

Nyhende

– Folk er utolmodige, og det med god grunn. Vi har lenge snakka om at vi har jobba med ein rapport. På møtet måndag vil rapporten bli presentert. Det er ein ferdig pakke der vi har veldig god dokumentasjon både på trafikkpotensial og potenisal for finansiering. Møtet er ope for alle, og du treng ikkje å vere politikarar eller vegingeniør for å synest at dette er spennande. Det er ei fin anledning for å få meir informasjon om korleis vi tenkjer vegen vidare, seier styreleiar i Nordfjordbrua AS Alfred Bjørlo.

Måndag kveld er det altså ope møte om Nordfjordbrua Lote-Anda på Scandic Nordfjord hotell. Sindre Kvalheim i Norconsult AS vil presentere «Trafikk og finansieringspotensial for Nordfjordbrua», og tidlegare regionvegsjef Olav Ellevset, som no jobbar for Fosenbruene AS, kjem for å halde innlegg. Også fylkesordførar Jenny Følling blir med.