I følgje denne ferske avtalen vert varene frå Abbel Tradisjonsmat å få kjøpt i 53 butikkar frå Sunnmøre til Sogn, mellom dei Extra på Nordfjordeid.

Framtida sikra

Ein jublande glad Jonny Bakke fortel at dette betyr alt for den vesle bedrifta. No kan dei mangedoble produksjonen og tilsette fleire folk. Bakke har berre godt å seie om Coop Vest. – Dei er fantastisk flinke til å ta inn lokale produkt i butikkane, og utan dei kunne vi ikkje eksistert, slår han fast. Frå å levere til fjorten butikkar, skal Abbel Tradisjonsmat levere til over femti. Akkurat no vert det selt store mengder kjøtkaker og karbonadar. Framover mot jul kjem sylteflesk, lammerull og julepølse for fullt.

Bestaoppskrifter

Bakke vil sjølvsagt ikkje avsløre ingrediensane han brukar i oppskriftene sine, men det er tydeleg at han har treft godt i marknaden. Når det gjeld kjøtkaker, karbonader og sylteflesk, er oppskriftene etter bestemora til Bakke, Berta Indredavik. Både ho og heile familien for øvrig var lidenskapleg opptekne av matlaging. Sjølv har Bakke stelt med mat sidan han var ein neve stor.

Men han har ikkje berre stelt med mat i sitt tidlegare yrkesliv. Han har vore både fiskar, på supplybåt og jobba på Elkem Bremanger.

Fullroser Extra Eid

Den butikken som har hatt det absolutt største salet av Abbel-varer er Extra på Nordfjordeid. – Butikken er utruleg bra på lokalmat, meiner Bakke, og han kan ikkje nok få fullrost dei som jobbar i butikken. Dei er smørande blide, positive og så imøtekommande.

Abbelprodukta skal og inn på kaféane i coop-systemet. Både svinenakke, kjøtkaker og karbonadar er på menyen i kaféar både i Volda, Førde og Byrkjelo.

Mann og kone-bedrift

Jonny Bakke og kona Siv Merete Bakke eig og driv bedrifta i lag. Dei held til i det tidlegare lakseslakteriet på Davik som dei kjøpte for nokre år sidan. Siv er dessutan butikksjef i Nærbutikken på Davik.

Ho styrer kontoret i matbedrifta. Sjølv seier Jonny Bakke at han er eit «rotehaud» med papirarbeid.

Å drive bedrift på Davik seier dei er uproblematisk. Dei har utkøyring av varer kvar fjortande dag, og passar dei ferjetidene går alt fint. Råvarene får dei frå Nortura.

GOD GAMMAL OPPSKRIFT: Abbel Tradisjonsmat satsar på å gjere det på gamlemåten, slik dine besteforeldre ville ha gjort det. Foto: Per Ole Lefdalsnes
PRODUKSJON AV KJØTKAKER: Kjøtkakene blir først bruna, deretter kokte i kraft. Foto: Per Ole Lefdalsnes
KAFFI OG LESEKROK: Nærbutikken i Davik har kaffi- og lesekrok. Per Hausle, pensjonert bonde, les gjerne Fjordabladet. FOTO: POL Foto: Per Ole Lefdalsnes
OPPTATT MED VAREBESTILLING: Butikksjef Siv Merete Bakke på kontoret i Nærbutikken. FOTO: POL Foto: Per Ole Lefdalsnes