Frivillige med engasjement og kompetanse

Kompetente eldre vil bidra

Eid Frivilligsentral er positive til samarbeid for at kommunen skal kunne møte framtidas utfordringar, men dei saknar vektlegging av den kompetansen som ligg i frivilligheita i framlegg til Kommunedelplan for helse- og omsorgstenestene.

SAMSPEL: Ein god del frivillige organisasjonar har mykje kompetanse på sine spesialfelt, og dagleg leiar Astrid Grete Torheim og styreleiar i stiftinga Eid Frivilligsentral, Marit Botn Lefdal ber om at det vert lagt vekt på i samspelet mellom Eid kommune og frivilligheita. Dei er også opptekne av at det trengst eit kjøken for framtida.   Foto: Anna Wuttudal

LETTLESnE DOKUMENT: – Dersom Eid kommune vil ha god kommunikasjon mellom innbyggjarar og kommune, er enkelt språk og korte lettlesne dokument nøkkelen til det, påpeikar Marit Botn Lefdal.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Eid Frivilligsentral har kome med uttale til framlegg til Kommunedelplan for helse- og omsorgstenestene 2018–2030. Der vert det vist til at Eid kommune nyleg har vedteke ei Frivilligpolitisk plattform, og styret i frivilligsentralen ber om at dei prinsippa og tiltaka som ligg i den vedtekne plattforma i større grad vert fletta inn i kommunedelplanen.

– Eit steikjande godt dokument

Dagleg leiar for Eid Frivilligsentral, Astrid Grete Torheim, karakteriserer frivilligpolitiskplattforma som eit steikjande godt dokument, og ho oppmodar kommunen om å bruke det i helse- og omsorgsplanen. Torheim viser særskilt til punktet som handlar om «Frivillig arbeid i kommunale tenester». Der står det at Frivillig sektor skal samarbeide med kommunen om å gje innbyggjarane best mogleg tenester, særleg for å gje ein kvardag med meistring, livskvalitet og glede til born, eldre og sjuke.

Systematisk gjennomgang

Det går fram av frivilligplattforma at prioriterte tiltak i 2018–2021 er at Eid kommune systematisk skal gå igjennom dei kommunale tenestene for å sjå kvar frivillige organisasjonar kan kome inn med tilbod og aktivitetar, ut frå kunnskap, kompetanse og engasjement i dei ulike frivillige organisasjonane. Det skal leggast opp til faste møte mellom frivilligkoordinator og kontaktpersonar for tenesteområda for å avtale og avklare samarbeidet. Og det skal lagast ei oversikt på nett over alle tilbod lag og organisasjonar har, og kvar frivillige som ønskjer å bidra kan vende seg.

– Eit supplement

Styreleiar i Eid Frivilligsentral, Marit Botn Lefdal, peikar på at den frivillige innsatsen ikkje skal erstatte dei kommunale tenestene, men vere eit supplement. Kommunen kan ikkje bestemme over frivilligheita og rekne med deira innsats på linje med kommunalt tilsette og forvente at dei skal inn i eit fast system.

– Ein må ta høgde for at den enkelte frivillige har råderett over seg sjølv, og at det kan vere tider då det på grunn av sjukdom eller andre forhold ikkje høver å delta. Då kan det ikkje vere slik at du sjølv må skaffe vikar.

– Kommunen må vere litt audmjuk når det gjeld frivilligheit, poengterer Lefdal. Ho tykkjer det i planen står for lite om samspel med frivillige og andre når det gjeld å skape gode helse- og omsorgstenester.

– Vanskeleg språk

Eid Frivilligsentral peikar i sin uttale også på at framlegget til Kommunedelplan for helse- og omsorgstenestene er eit omfattande plandokument med eit til tider vanskeleg språk. Det vert utfordrande for mange å lese og forstå. Frivilligsentralen oppmodar kommunen om å gå igjennom dokumenta og om mogeleg forenkle både språkleg og i omfang.

– Det fløymer over av ord. Det er tungt å lese og få med seg innhaldet, seier styreleiar Marit Botn Lefdal.

Treng kjøken for framtida

Sidan 2002 har frivillige bringa varm og god middag ut til heimebuande i Eid kommune. Dette er mat som er laga på institusjonskjøkenet på Hogatunet, i den gamle sjukeheimsdelen.

Det er ein trend i tida at eldre skal bu heime lengst mogeleg. Mat og ernæring er viktig i denne samanheng. Det same er matglede hjå bebuarar som bur på institusjon.

I sitt innspel til kommunen peikar Frivilligsentralen på at det er viktig å legge til rette for eit godt institusjonskjøken med god nok kapasitet for framtida. I tillegg bør ein supplere med småkjøken på avdelingar/fellesareal, slik at bebuarar og tilsette og/eller frivillige/pårørande kan lage mat saman.