Miljøbevisste elevar:

Heldt klebytedag på skulen

Elevbedrifta Design UB ved Eid vidaregåande skule heldt klebytedag sist veke.

Design UB, frå venstre: Sigrid Nedreberg, Leni Aardal Venes, Julia Gunnlaugsdottir, Ida Norevik, Benedicte Sjøberg, Ane-Mathea Alfredsen Førde, Ingrid Alpen og Ramona Osland.  Foto: Yngve Tolaas

Rimelege prisar for kaker og kaffi, og for berre 20 kroner i inngangspengar kunne dei besøkande ta med det dei ville av brukte klede. 

Nyhende

Det er elevane sjølve som står bak idéen om å arrangere ein klebytedag. Bakgrunnen er at dei ønskjer å bidra positivt til miljøet.

– No er jo forsøpling av miljøet og naturen ekstra i vinden, så vi ønskjer å kome med vårt bidrag. Dersom alle gjer litt, blir det mykje til saman, seier marknadsansvarleg Ida Norevik og dagleg leiar Ane-Mathea Alfredsen Førde i Design UB.

Liten marknad

Dei synest det er synd at mykje klede som er i god stand blir kasta.

– Det er veldig synd. Vi har ikkje nokon marknad for brukte klede i Eid, og derfor ønskjer vi å bidra med denne klebytedagen, Det er jo både bra for miljøet, og gunstig økonomisk at brukte klede ikkje blir kasta, seier dei to jentene.

Kleda dei fekk inn til klebytedagen sist veke hadde dei fått frå fleire ulike hald.

– Vi har gitt noko sjølve, og vi har fått inn ein god del frå folk som har kontakta oss, seier Ida og Ane-Mathea, som opplyser at dei også hadde ein klebytedag i mars.

– Då var det mange som nytta seg av tilbodet, og vi håpar det blir endå fleire i dag, seier dei.

Vil inspirere

Jentene i elevbedrifta Design UB håpar at klebytedagar vil bli eit fast innslag ved Eid vidaregåande skule.

– Vi håpar at vi kan inspirere dei elevane som seinare skal gå på Design og handverk til å føre klebytedagen vidare. Det vil også sjølvsagt berre vere flott om andre finn ut at dei vil arrangere klebytedagar. Det er jo eit positivt tiltak, som bidrar til lågare forbruk, seier dei to jentene.

Klebytedagen til Design UB vart halden på pauserommet til lærarane på Eid vidaregåande skule sist veke. Her kunne ein for ein inngangsbillett på 20 kroner ta med seg alt ein ville av brukte klede. I tillegg kunne ein kjøpe seg kaker og kaffi for ein billeg penge.

– I prinsippet kan ein ta med seg så mykje klede ein vil, berre ein betalar inngangsbilletten. Vi håpar jo at det ikkje skal vere så mykje igjen når dagen er omme, sa Ida Norevik og Ane-Mathea Alfredsen Førde då klebytedagen hadde vart om lag ein halvtime.

– Det som blir igjen av klede etter klebytedagen blir uansett ikkje berre kasta i bosset. Vi tar med oss kleda som blir igjen, og leverer dei i ein UFF-container, seier Ida og Ane-Mathea.